Unike butikkar

Knarvik Senter har ei rekke butikkar som ikkje finst nokon annan stad. Kva kjenneteiknar eigentleg den unike butikkfloraen på Knarvik?

Farmors hus på Knarvik Senter

Farmors hus

Vi har eksistert i 15 år, og var jo ganske tidleg ute med såkalla livsstilskonsept for butikken. Altså ein butikk som sel både kler, utvalde matvarer og interiørprodukt. Det var noko vi tok med oss frå Danmark. Namnet kom òg i frå Danmark, då vi såg eit skilt som viste vegen til «Farmors Hus». Det var så koseleg at vi berre måtte bruke det, ler butikksjef Irene Spurkeland.


Mocca

Mocca

Vi er jo ein «one of a kind»-butikk. Det er nettopp slike plassar eg sjølv likar å finne når eg er ute og reiser. Vi ynskjer å hjelpe kundane våre med å få orden på basisplagga i garderoben, det er jo dei som legg grunnlaget for all påkledning. Derfor er utvalet vårt slik at kundane skal kunne setje saman komplette antrekk, både med det vi har i butikken og det dei har i skapet heime, fortel butikksjef Hilde Flataker.


Man to Gentleman på Knarvik Senter

Man to Gentleman

Vi ynskjer å tilby det lille ekstra til kundane våre. Derfor har vi mellom anna skredderteneste i butikken. Vi tek inn dei merka vi ønsker, og har då ein del kvalitetsvarer ein ikkje finn så mange andre plassar. Sidan vi er ein frittståande butikk kan vi òg ta inn ein del merker ikkje andre får inn i det heile. Til dømes er vi einaste butikk i heile Noreg som fører «John Peter London», seier butikksjef Stig Sollid.


kulinarisk på knarvik senter

Kulinarisk

Vi er på mange måtar ein snopebutikk for vaksne. I tillegg til at vi serverer mat, har vi òg mykje matvarer vi sel. Vi ynskjer å vere eit ekstra tilbod i senteret for lokalproduserte råvarer, og kvalitetsvarer frå andre plassar. Alle som kjem til oss er gjestar, ikkje kundar. Det er viktig for oss at dei som kjem på besøk føler seg ivaretatt, smilar eigar Hilde Røssang, saman med butikksjef Renate Myklebust.


småkul sel barnekler på knarvik senter

Småkul

Vi skal selje lekne kler, for lekne barn. Dei er jo ikkje modellar, og dei sitt ikkje stille – dei er barn. Vi er òg selektive med tanke på dei merka vi tek inn. For oss er det viktig at alle kleda vi fører vert produserte under skikkelege forhold, både sosialt og miljømessig. Sidan vi står åleine, utan ei kjede i ryggen, kan vi velje akkurat dei merkene vi vil ha, seier butikksjef Hilde Flataker.


Fellini barn sel kler på Knarvik Senter

Fellini Barn

Fellini er ei lokal kjede, men Fellini Barn finn ein berre her på Knarvik Senter. Vi er eit alternativ til dei landsdekkande kjedebutikkane, med eit breitt utval. Både varer kor vi kan konkurrera med dei på pris, men òg på ein del høgprofilerte varer. Vi har vore her på Senteret i 33 år, så vi trur jo at det vi sel vert godt motteke hos kundane våre, fortel butikksjef Helge Pedersen.


Classiqa sel damekler på knarvik senter

Classiqa

Vi ønsker å ha klassiske, enkle kler i butikken, derav namnet Classiqa! I hovudsak har vi kler for den vaksne dame. Vi har lang fartstid i senteret, så dei fleste kundane kjenner oss godt, og vi hjelper gjerne med å finne det rette antrekket – for dei som vil det. Fornøgde kundar er det viktigaste for oss, fortel butikksjef Eva Andvik.


Litt av alt let på knarvik senter

Litt-av-alt-Let

Det starta som eit outlet, men vi såg at det var fleire som spurte etter varer ein ikkje fann i senteret. Det som er kjekt med å drive ein uavhengig butikk er at vi kan ta inn akkurat det vi vil, og det kundane treng. Vi kan skaffe det aller meste!


Monett sel kvinnekler på knarvik senter

Monett

Det som gjer Monett spesiell er kombinasjonen av merkene vi fører, og dei som jobbar her. Monett er ein motebutikk. Merkene vi fører kjem frå dyktige designerar, som er flinke på snitt, og som er kjent for god kvalitet. Vi tilbyr komplette antrekk til våre kundar. Jentene mine er òg veldig gode på styling, fargar, stoff og snitt. Dei driv med meir enn butikk, ler butikksjef Wenche Klepsvik.