Har du vore på desse ti toppane?

Av: Randi Bjørlo

Også i år får små og store sjansen til å bli kjend med nye, lokale turmål.

«Ut på tur med Knarvik Senter» er slagordet til det som tidlegare år har vore omtala som tursekken.

  • Opplegget er det same. Ein kan gå til alle eller berre eit av dei ti turmåla. Di fleire toppar, dess større sjanse for å vinna ein tursekk med spennande innhald, seier senterleiar Åge Torsvik.
  • Heile tanken bak dette folkehelseprosjektet, er at flest mogleg skal komma seg ut på tur. Difor er dei aller fleste turane tilpassa barnefamiliar.
  • Låg terskel
  • Saman med KnarvikMila og Norli inviterer Knarvik Senter små og store ut på tur, i perioden fram til 31. august. Sjølvsagt kan ein besøka turmåla på hausten også, men dersom ein vil vera med i konkurransen om dei ti tursekkane som kvar har ein verdi på 3000 kroner, må ein ta «selfie» på turmålet og senda inn. Dette kan gjerast på to måtar; anten deler ein bilde med turfølge og plakaten på turmålet på instagram med emneknagg #knarviksentertur(topp nr) + namn og telefonnummer. Eller ein kan senda bildet som MMS til tlf 41 20 35 71. Informasjon om innsendinga finn ein på plakatane på turmåla.
  • Imponerande mange var med i fjor, og målet må vera at endå fleire hiver seg med dette året, seier Torsvik. «Tursekken» vart arrangert for første gong under friluftlivets år i 2015, som eit ledd i å fremja folkehelsa. Oppslutnaden om turane har gjort arrangørane trygge på at dette er noko dei absolutt bør fortsetja med, sjølv om det etter kvart er svært mange ulike turtilbod, også i denne regionen.
  • Tanken vår er at terskelen for å delta skal vera låg, og at små og store skal ha det kjekt på tur. Så er det sjølvsagt opp til kvar enkelt kor mange turar ein vil gå, seier senterleiaren.

Varierte turmål
Nokre av dei ti turmåla har vore med fleire gonger, andre er nye.

Årets turar går til:
  1. Fløyen – Kløve i Lindås
  2. Tveitavarden – Alversund i Lindås
  3. Håøytoppen – Flatøy i Meland
  4. Morkenfjellet – Manger på Radøy
  5. Hordvikveten – Hordvik i Åsane
  6. Vardetangen – Fonnes i Austrheim
  7. Selivarden – Fjeldsbø i Lindås
  8. dneburen – Andvik i Masfjorden
  9. Peprane – Hilland/Storheimstø på Radøy
  10. Indregardsfjellet – Knarvik i Lindås

Vakker utsikt mot heile Nordhordland frå Hordvikveten.

Turen til Ådneburen i Masfjorden er nok den mest krevjande av dei ti turmåla. Men så blir ein då møtt med ei fantastisk utsikt når ein når toppen. I den andre enden av skalaen er turen til Vardetangen i Austrheim – Norges vestlegaste fastlandspunkt. Ut dit er det laga ny veg som gjer det enkelt å ta seg fram både for barnevogner og rullestolar. Her er det også mogleg å få med seg ei flott rundløype når ein først er i området, med innlagt bading, leik og grilling for den som vil.

Trekantmarsjen
To av toppane; nr 1 til Fløyen og nr, 7 til Selivarden, er del av Trekantmarsjen som vert arrangert 12. august, med start frå Trekanten aktivitetspark på Kløvheim.
– Det opnar for å både få med seg trekantmarsjen og fått tatt bilde på to av toppane på same dagen, seier dagleg leiar Nils Frøseth hjå Norli. Trekantturen er eit samarbeid mellom Røde Kors – ut på tur, Barnas Turlag,  Kløvheim Bygdelag og Meny i Knarvik.