Vi bryr oss!

I år har Knarvik Senter satt seg nokre hårete mål. Og dei startar alle med prosjektet «Vi bryr oss» – eit prosjekt som skal gje noko tilbake til Nordhordland.

– Prosjektet går ut på å samle inn pengar til den lokale kulturen her i Nordhordland, fortel senterleiar Åge Torsvik.

– Vi har støtta oss på det lokale kulturlivet i 40 år, og tykkjer det er på tide å gje noko tilbake, fortsett han.

Og det er ikkje småpengar Knarvik Senter håpar å kunne dele ut.

– Vi håpar å kunne samle inn minst 100 000 kroner til prosjektet, kan han avsløra.

Todelt prosjekt

– Prosjektet er på mange måtar todelt, fortel senterleiar Åge Torsvik.

Han forklarar vidare kva prosjektet går ut på: Knarvik Senter skal samle inn pengar og dele dei ut til eit lokalt kulturprosjekt. Ei av inntektskjeldene vil vere sal av handlenett, noko som legg grunnlaget for senterets mål om å ikkje bruka plastposar innan tre år.

Altså samlar ein både inn pengar til eit godt føremål, samstundes som ein tek betre vare på miljøet.

– Vi bryr oss både om det lokale miljøet når det kjem til kultur, men òg om sjølve miljøet rundt oss, fortel Torsvik engasjert.

På Knarvik Senter sin «bursdag», den 28. juni kjem senteret til å dele ut 1000 handlenett. Dei resterande handlenetta skal seljast for 10 kr per stykk, der inntektene går uavkorta til «Vi bryr oss»-prosjektet.

Lysfesten kjem tilbake

Det er ikkje berre sal av handlenett som skal dra heile lasset forsikrar senterleiaren.

– Det har allereie byrja å kome inn pengar frå boksalet vi har utanfor bokhandelen. I tillegg skal vi halde ein auksjon seinare i år, der butikkane på senteret vil bidra med gåver som skal auksjonerast bort, kan Torsvik fortelje.

Ein gamal kjenning kjem også tilbake, i form av Lysfesten, som igjen vil vere på programmet til Knarvik Senter.

– Her vil pengane vi får inn frå sal av faklar gå direkte og uavkorta til «Vi bryr oss»-prosjektet, slik at ein kan gå på Lysfest og samstundes støtta det lokale kulturlivet, seier Senterleiaren.

Håpar prosjektet vil engasjere

Knarvik Senter har lenge operert med slagordet «møteplassen for handel og kultur», og det er nettopp denne rolla som har lagt grunnlaget for «Vi bryr oss».

– Det er absolutt engasjement rundt lokalmiljøet og den lokale kulturen, det har vi erfart i 40 år, seier Torsvik.
Han håpar at heile Nordhordland blir med på å «Bry seg», og oppmodar folk til å nytta tilboda som gjev noko tilbake til kulturlivet.

– Kjøp bøker eller handlenett! Då støttar du prosjektet direkte. Det er gode lokale bøker som seljast hos bokhandelen, og handlenetta skånar miljøet. Vi har jo ein draum om eit posefritt senter innan 3 år. Og så håpar vi at flest mogleg tek turen på årets Lysfest, smilar Torsvik.

På spørsmål om prosjektet vil fortsette inn i framtida, seier Torsvik lurt:

– I Nordhordland har eg erfart at det er slik at om du har gjort noko ein gong, nærmar det seg tradisjon. Har du gjort det to gongar er det blitt tradisjon. Så det er ikkje umogleg at vi kjem til å gjere noko slikt igjen.

Knarvik Senter kjem til å kome tilbake med detaljer rundt korleis ein kan søke, og kva slags kriterier som vil ligga til grunn for utdelinga.