Vann årets båt 2018!

Fredag 7.september fekk vi hjelp av Svein Arne Hatlevik frå Nordhordland Lensmannskontor til å trekkje ut 1 heldig vinnar blant dei 6924 innleverte lappane.

I samband med Knarvik Senter sitt 40 års jubileum har kampanjetida vore lengre i år, og båten ekstra flott. Dette har gitt ein kjemperespons! Senterleiar Åge Torsvik fekk etter trekninga tak i årets vinnar på telefon, og kunne gratulerer ei veldig glad KRISTIN MADSEN frå Meland med gevinsten!

Vi gratulerer med premien, og takkar alle som deltok i trekninga.