Den magiske ullbyen

Årets Ullveke vert sparka i gang 19. oktober, med ein storslått opning på Sentrumstorget.

– Ein flott tradisjon som fremjar regionens lokale ulltradisjonar, seier leiar ved Knarvik Senter, Åge Torsvik.

Marknad og catwalk

Det vil vere Ullmarknad i Senteret, både fredag og laurdag, med lokale utstillarar. Her kan ein få kjøpt flotte varer av ull.

– Vi har fått med oss rundt 20 framifrå lokale produsentar, og kjem til å ha marknad i to heile dagar her på Knarvik Senter, fortel senterleiar Torsvik.

På sjølve opninga blir det catwalk, med strikkemodellar frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, designarane Linda Marveng og Kari Hestnes samt årets Redd Barna-kolleksjon frå designerduoen Arne & Carlos.

Dei to designerane har, i samarbeid med vekebladet Hjemmet og Hillesvåg Ullvarefabrikk, laga ein kolleksjon som skal gi delar av inntekta til Redd Barnas arbeid for barn i naud.

Årets ullveke har òg eit innslag av det norrøne slaget. Nordhordland Frie Vikingar kjem nemleg for å fortelje om ulike kurs og foredrag dei skal halde under Ullveka – og dei kjem i full vikingpåkledning.

Eventyrskogen

Rett etter opningen av Ullveka, er det duka for opning av årets Ullby. Dette har lenge vore ein tradisjon, og markerar såleis starten på heile Ullveka.

– Årets tema er «eventyrskogen», så i år har fantasien verkeleg fått utfolda seg, fortel Torsvik.

1415 elevar frå skular over heile Nordhordland har i fleire månader laga figurar og kulissar i ull.

– Hillesvåg Ullvarefabrikk og Knarvik Senter har sendt ut 40 kilo ull, og tilverkingsutstyr til skulane som deltek i prosjektet, kan senterleiar Torsvik fortelje.

Utstillinga skal stå på Sentrumstorget i tre heile veker etter opninga.

– Det har vore eit stort engasjement frå skulane, og mange har vore innom Hillesvåg Ullvarefabrikk for å henta endå meir ull og utstyr, så det er berre å gle seg til opninga, seier Torsvik.

Villy Villsau kjem sjølvsagt også!

Den offisielle opninga av Ullveka skjer fredag 19. oktober klokka 18.00, på Sentrumstorget.
Ullbyen åpnar klokka 19.00