Nattopent på Knarvik Senter

Under årets Nattopent vert det Oktoberfest på Knarvik Senter!

Butikkane kjem til å ha gode tilbod som varer heile dagen, og mellom klokka 15 og 19, vert det underhaldning og aktiviteter for dei minste:
Totto-toget vil køyre turar med barna gjennom senteret, det vert mekaniske dyr ein kan ri på og i tillegg vert det ansiktsmaling og ballongfigurar.

Hurra-stemning

Frå klokka slår 20, er det duka langbord, og klart for Oktoberfest for dei vaksne på Sentrumstorget.
I ekte Oktoberfestånd vert det smaksprøver på pølser og alkoholfritt øl, og underhaldning frå scena.

Tommy Sulen og Tron Jensen, betre kjent som «Guttene», kjem til Knarvik senter for å spele for Oktoberfestdeltakarane. Dei har med seg fullt band og stemning.

– Det blir rett og slett hurra-stemning, kan senterleiar Åge Torsvik røpe.

Sjølv om Oktoberfest er ein 200 år gammal tradisjon frå Tyskland, som inneber ein viss mengde øl, bedyrar Torsvik at det berre blir alkoholfritt denne fredagen på Knarvik Senter.

– Stemninga skal vi få til å stå i stil, men det blir naturlegvis eit alkoholfritt arrangement. Og så kjem vi til å ha eit par overraskingar og konkurransar med flotte premiar, seier han lurt.

Program

Ansiktsmaling for de minste

14.00 – 19.00: Underhaldning for dei minste

Kjempegøy besøker senteret med aktivitetar for barna:

Mekaniske ridedyr og ansiktsmaling.

Totto-toget køyrer gratisturar i senteret.

Ballongmannen lagar ballongfigurar til barna.
guttene

20.00 – 22.30: Underhaldning for dei vaksne

Det vert Oktoberfest, og«Guttene» – Tron Jensen og Tommy Sulen – kjem til Knarvik Senter og lagar liv!

«Guttene» har skapt stemning og laga liv profesjonelt i 30 år, på alle tenkelege og utenkelege scener i landet. Dei har med seg bandet sitt, «Rævedilterene», og gler seg til å vere med på 40 års markering, og Oktoberfest på Knarvik senter.

Det blir langbord på Sentrumstorget, med smaksprøvar på pølser og alkoholfritt øl.