– Vi har jo alt!

Det trengs ein usedvanleg samansveisa gjeng for å halde kontrollen i ein butikk som har nesten alt.

– Veit, du – eg blir nesten litt rørt når eg skal prate om det, ler Trude Larsen, daglig leiar på Europris.

Det ho pratar om, er dei tilsette i butikken.

– Vi har ein fantastisk gjeng som arbeider her. Eg har vore utruleg heldig. Utan dei veit eg rett og slett ikkje om det hadde vore mogleg. Dei stiller opp 110% uansett, og er ein utruleg fin gjeng, kan Trude fortelja.

Ho trur at det kan vera ein av årsakene til at kundane kjem tilbake til butikken.

– Sjølv om stressnivået til tider kan vera høgt i ein slik butikk som Europris, og det stormar litt rundt oss, er det alltid berre godt humør. Eg trur og håpar at kundane fangar opp det gode fellesskapet vi har her, seier ho engasjert.

Eit livsverk

Trude og sambuaren Jørgen valde å overta drifta av butikken når far hennar ikkje kunne drive den vidare sjølv, på grunn av sviktande helse.

– Eg heiv meg jo eigentleg berre ut i dette. Enten måtte eg ta over drifta og kjøpe, eller så måtte han selje, fortel ho.

Far hennar var ein av dei første kjøpmennene i Europriskjeda, og Trude lærte mykje dei åra ho var tilsett hos han.

– Det blei litt spesielt å skulle føre eit av livsverka hans vidare, men eg veit at han sette stor pris på det. Det gir ein ekstra motivasjon til å gjere det bra, og gjør at eg kan gi dei ekstra prosentane på jobb, fortel ho.

Sjølvlært

Sjølv om ho har lengre butikkerfaring enn dei fleste på hennar alder, har ikkje Trude noko formell utdanning innan kjøpmannsfaget.

– Eg meiner at det kan vera ein viktig lærdom og ta med seg. At hardt arbeid og ståpåvilje kan lønne seg, seier ho.

Og som autodidakt butikksjef, går det i hovudsak ganske så bra.

– Vi er blant dei Europrisbutikkane med flest kundar, noko som blir lagt merke til. Vi har jo ein forholdsvis liten butikk i Europrissamanheng, smiler ho.

Interiør

– Vi har jo alt! utbryt Trude med eit smil.

Då kan det vere ei utfordring å vite noko om absolutt alle varene i butikken.

– Derfor prøver vi å dele kunnskapen mellom dei tilsette, slik at vi skal kunne hjelpe kundane våre på best mogleg måte. Samstundes prøver vi jo heile tida å bli betre, seier ho.

Og sjølv om det kan vere vanskeleg å ha kunnskap om absolutt alt, er det spesielt ei avdeling kor Trude har full kontroll – interiøravdelinga.

– Europris er blitt mykje betre på interiør dei siste åra. Eg er ganske så oppteken av interiør sjølv, så når vi får inn flotte ting er det veldig gøy å få setja dei saman, og laga flotte utstillingar i butikken, fortel Trude engasjert, før ho legg til:

– Folk tenker kanskje ikkje på interiør når dei høyrer Europris, men eg håpar at vi kan endre litt på det, smilar ho.