Fred på jord og snille born

Skribent: Marit Midtgård

Ønskjelista. Nokre punkt gjekk alltid igjen. På mi stod det ”Fred på jord”. Mamma ønskja seg ”snille barn”. Vi ventar framleis.

Det var nokre år der det regjerte ei viss uvisse om kven lista skulle stilast til. Var det til mor og far? Julenissen? Gud? Eller kongen? Nokre tilpassingar måtte til. Dersom det først og fremst var mor og far som skulle innfri, var planen klar. Eg tok føre meg Ringo-katalogen, og laga sirlege ringar rundt det som fall i smak. Eg ser i ettertid at eg kunne spart mykje blekk på å heller setje ring rundt det som ikkje var aktuelt.

For å setje meg sjølv i eit passeleg edelt lys, innleia eg alltid lista med ”Fred på jord”. Dersom dette ikkje lot seg ordne, kunne eg ta til takke med eit Ponnyslott, Barbie eller ein saccosekk i raud skai. Dette var på 80-talet. No er det nye tider og nye krav.

Har du skrive ønskeliste til jul? I mange år var standardsvaret mitt at eg vart glad for alt eg fekk. I retrospekt, og med litt meir erfaring, må eg seie at det var litt usant. Eller rein løgn om du vil. Dette handlar ikkje alltid om sjølve gåva. Snarare om gjevaren. Om relasjonar og forventningar. Ei jul fekk eg ei steikepanne. Av han eg bur med.

Hadde eg fått den steikepanna av ein eg ikkje bur med, hadde gåva vore alle tiders. Men han eg bur med skal ikkje tenke praktisk. Han skal formidle store kjensler med små, dyre gåver. Han derimot, hadde tenkt det var ei særdeles flott gåve. Noko så praktisk og nyttig. Akkurat sånn han likar det. Eg har bevega meg langt bort frå det edle lyset. Eg ser det. Stakkars mann. Kanskje han skal skrive ”snill dame” på lista si?

Vidare har eg lært meg å setje pris på å få ønskjelister. Det er så befriande enkelt å forhalde seg til. Eg ser på det som ei handleliste, og ber gjerne om å få den med både lagerstatus og artikkelnummer. Miljøvenleg og tidsbesparande er det og. Lite svinn og bruk og kast og stue-vekk-problematikk når mottakaren får ønsket sitt oppfylt. Så kan eg heller pakke den sirleg inn med sløyfe på, og humre litt i skjegget. For ingen kan vel vite kva rart eg har funne på..? Det enkle er ofte det beste, har eg høyrd frå sikre kjelder. Heilt sant.

Så er det vel gjerne sånn, at både saccosekkar og ponnyslott bleiknar litt med tida. Det same gjeld vel gjerne for ”snille damer”?

Nokre ønskje skal ein likevel ikkje kimse av; det å ønske seg noko utover Ringo-katalogen, steikepanner og ørsmå diamantar.

Eg slår eit slag for å ta det med. Anten det er snø til jul eller fred på jord. Så kan det stå der, og sikte mot stjernene. For ikkje veit eg kven som opnar posten på Nordpolen..?