Jul før og no

Den første julehandelen på Knarvik Senter vart gjort for 40 år sidan. Men korleis har feiringa endra seg sidan den gongen? Og kva for gåver var dei kulaste å få?

LP og miniski


Irene Spurkeland, som driv Farmors Hus, meiner jula har blitt dratt ut dei siste åra.

– Eg føler at jula var kortare for 40 år sidan. Vi hadde adventstid i desember med baking, og mykje av julepynten vart laga sjølv.
Huset vart ikkje pynta før dei siste dagane før julaftan, og juletreet kom opp vesle julaftan. No startar jula i butikkane i september, og mange pyntar heile huset i god tid før jul, fortel ho.

Samstundes understrekar ho at det ikkje nødvendigvis er ein dårleg ting.

– Folk brukte gjerne berre ein dag på julehandelen. Heile familien reiste inn til byen for å sjå på Kløvernissen. No brukar vi gjerne meir tid, og gjer oss litt meir flid. Der har kanskje utvalet noko å sei, seier Spurkeland.

På spørsmålet om kva som var det kulaste å få til jul på den tida, kjem svaret bestemt, og heilt utan nøling:

– LP-plater og miniski!

Meir høgtideleg

Cubuc på knarvik senter
Maria Luisa Zuliani Hjertås hos Cubus var, passande nok, mest glad for desse gåvene:

– Den beste gåva var nok nye klede! Det var nemleg mykje heimesydd hos oss på den tida, så nye klede var veldig stas. Eg samla òg på glansbilete så om eg fekk nye klede og glansbilete var eg nok kjempenøgd!

Minna frå juletida for 40 år sidan er nok prega av nostalgi for dei fleste av oss, og som alt anna i jula er dei omkransa tema som vinter og mat.

– Snø. Eg tenkjer at det alltid var snø i jula, men det stemmer kanskje ikkje, lurar Maria?

– Og så var det liksom litt meir høgtideleg. Eg bakar eit par sortar julekaker. Den gongen var det minst sju sortar. Og nåde deg om du åt dei før jul. No et vi vel omtrent julekaker frå oktober av, ler ho.

Ei spesiell jul

Bilde knarvik senter
Geirmunn Aarland, hjå If forsikring, har eit vemodig minne knytt til jula for nøyaktig 40 år sidan.

– Jula for førti år sidan var ei spesiell jul. Det var nemleg den første jula utan min far. Han døydde sommaren 1978, og den første jula etter noko slikt er alltid spesiell. I jula skal jo familien vere samla, så då vert det ekstra tydeleg kven som manglar, fortell Aarland.

– Vi pynta litt ekstra til jul for han det året. Far min likte å pynta til jul, seier han og smiler.

Sjølv om det er over 40 år sidan han gjekk bort, set far hans framleis preg på julefeiringa den dag i dag:

– Vi feirar jula på Austevoll, i eit hus eg har overteke etter far min. Det er litt greitt, sidan alle som kjem på besøk der ute må overnatta. Då blir jula litt rolegare, med gode, lange frukostar og slikt, fortel Aarland.