Juleprogrammet på Knarvik Senter

Torsdag 13. desember

Kl 15.30 Peperkakekonserten med elevar frå Lindås Kulturskule

Fredag 14. desember

NATTOPE TIL KL 24 – Knallgode nattopetilbod heile dagen

Kl. 15-19 Juleverkstad for dei minste barna i Nissehuset

Kl. 18 Lothepus besøker senteret og signerer bøker

Kl. 20 Vakre juletonar på Knarvik Senter:

Kristin Minde Frå Frekhaug slapp tidlegare i år sitt tredje soloalbum, «Hjerteslag», til strålande kritikkar. Ho har sidan vore på Noregsturne med fulle hus.

Ho har akkurat lansert sin nye julelåt «Josefs vise» – ein duett med tidelgare Vamp-vokalist, og Stjernekamp-deltakar, Paul Hansen.

Kristin kjem til Knarvik Senter for å spele eit knippe songar frå sitt siste album, hennar nye singel og nokre kjente og kjære juleklassikarar. Ho tar med seg gitarist Odd Ivar Sande og gjer dei som vil eit flott musikalsk avbrekk i julestria.
Vi gler oss!

Lørdag 15.desember

Kl. 13 Bokkafe med Jan Spurkeland som lanserer si nye bok «Relasjonell atferd i arbeidslivet»
Kl. 15 Julekonsert med Oster Brass. Dirigent: David Morton

Søndag 16. desember

Kl. 17 og kl. 18 Juleshow med Gutta

Lysfest

Kl. 18 Fakkelsalg med inntekt til «Vi bryr oss»

Kl. 19 Fakkeltoget har avgang frå baksida av senteret. Faklane tennast ute, og vi går samla rundt Brekkeløypa.

Ca 19.30 Fyrverkeri ved idrettsbana. Etter fyrverkeriet fortsetter fakkeltoget tilbake til senteret, der det vert servert gløgg

Søndag 23.desember

Kl. 15-17 Gratis julegrøt.

Kl. 15.30 Konsert med Otto Aksnes og Kurt Hatten. Gjestesolist er ordførar Astrid Byrknes.

Juleverkstad

Fredag 14. – søndag 16., og fredag 21. – søndag 23.
Fredager kl. 15 – 19, lørdager kl. 13 – 17, søndager kl. 14 – 18