Lysfesten er tilbake!

Det har ikkje vore Lysfest i Knarvik på 3 år. Det ønsker senterleiar Åge Torsvik å gjere noko med.

Avisa Nordhordland arrangerte Lysfesten i mange år, og det var mange som sakna den koselege førjulstradisjonen då den forsvann for nokre år sidan.

– Eg var faktisk med på å dra i gong Lysfesten, då den starta for mange år sidan. Saman med ho som var redaktør i Avisa Nordhordland den gongen, fekk vi stelt i stand noko som skulle vise seg å bli ein flott førjulstradisjon, kan senterleiaren fortelje.

Saman med Knarvikmila, Brekkeløypas Venner og Avisa Nordhordland, skal Knarvik Senter igjen blåse liv i Lysfesten. Men nokre småting blir endra på:

– Det som blir nytt i år, er at vi skal gå rundt Brekkeløypa. Det blir ein fin tur for store og små, fortel ein glad Torsvik.

Fyrverkeri

Sidan Knarvik Senter er inne i sitt førtiande år, og Lysfesten er tilbake etter nokre år på vent, må ein jo kunne forvente noko ekstra under årets fakkeltog.

– Det blir jubileumsfyrverkeri! Fortel Torsvik engasjert.

– Når fakkeltoget kjem opp til idrettsbana kjem det til å bli eit fyrverkerishow, og så avsluttar vi med gløgg inne på senteret, seier senterleiaren.

Fakkeltoget kjem til å starte etter at butikkane på senteret har stengt, slik at alle dei tilsette også kan få anledning til å gå i fakkeltog – og få med seg fyrverkeriet. I tillegg blir det konsert på Sentrumstorget med artistgruppa «Gutta».

– Det er ein talentfull gjeng i alderen 8-13 år, som skal synge og danse for oss. Dei kjem til å halde to konsertar for oss. Ein konsert klokka 17, og ein konsert klokka 18 – slik at alle som vil skal kunne få det med seg, fortel Torsvik.

Faklar til Lysfesten kan ein få kjøpt på senteret før toget byrjar å gå. Her vil pengane gå til Knarvik Senter si bursdagsgåve til den lokale kulturen.

Vi bryr oss – prosjektet

Knarvik Senter har markert 40-årsjubileet gjennom heile året: Jubileumsfest på senteret i sommar, ekstra fin båt som premie i Sommerkonkurransen og med ein stor jubileumsfest for dei tilsette.

Men den viktigaste markeringa er ikkje heilt ferdig enno – «Vi bryr oss»-prosjektet:

– «Vi bryr oss» har vore ein stor suksess. No nærmar vi oss innspurten, og målet vårt, på å samla inn 100.000 kroner, er snart nådd, seier Torsvik oppglødd.

Stort engasjement

Pengane som vert samla inn, skal delast ut til eit lokalt kulturprosjekt – i and med senterets sterke band til det lokale kulturlivet i regionen. Og Nordhordlendingane veit (som vanleg) å støtte opp under ei god sak, i følge senterleiar Torsvik:

– Responsen og engasjementet rundt det heila har vore veldig bra. Fleire av støttespelarane våre blei med på ei gratulasjonsannonse i SenterAvisa, der pengane gjekk rett til prosjektet. I tillegg ser vi fleire som går rundt med raude handlenett i staden for plastposar. Pengane som kjem inn på salet av slike posar går uavkorta til «Vi bryr oss», seier senterleiaren.

I tillegg til å støtte ei god sak, bidrar òg dei raude gjenbruksposane til å minske plastavfallet frå senteret. Torsvik oppmodar alle til å kjøpe dei raude fleirbruksnetta.

– Dette fokuset på miljø og forureining blir berre viktigare og viktigare. Spesielt sidan vi er eit kystdistrikt, som er nært knytt til fjorden og havet. Det er fint å sjå at folk tek dette på alvor, seier Torsvik.

Ein kan òg framleis kjøpe bøker til inntekt for «Vi bryr oss»-prosjektet. Alt overskotet går til «Vi bryr oss», og ein kan finne bøkene på bokhandelen.

Pengane frå «Vi bryr oss» vert delt ut i januar, og informasjon og kriterier for å søka om midla kjem ut ganske snart, avsluttar Torsvik.