Pepperkakekonserten

I desse dagar øver ungdommane ved Lindås Kulturskule på spreng for å gjere seg klar til årets Pepperkakekonsert på Knarvik Senter.

Rektor ved kulturskulen, Arild B. Nielsen, fortel villig vekk om kva publikum kan forvente seg:

– Det pleier å vere dans, piano, song, gitar, trekkspel og mykje anna! Dei elevane som har eit stykke klart får ein moglegheit til å spele på konserten. Det er òg ei kunstutstilling som følgjer med konserten, som ein kan sjå i biblioteket, fortel rektoren.

Tradisjonsrik start på jula

Lindås kulturskule har arrangert Pepperkakekonserten i mange år – så mange at det no må reknast som eit sikkert teikn på at jula er i anmarsj.

– Eg trur vi har halde på med Pepparkakekonserten i 15 år no. Det er blitt ein lang tradisjon her på Knarvik Senter, fortel rektor Nielsen.

Med utdeling av peparkaker, kaffi og saft skal dei sikre at alle som kjem for å sjå på konserten får ei god oppleving i julestria.

– Det som er fint med dette opplegget, er at enten det er snø eller regn, så får ein likevel ein flott juleatmosfære på Sentrumstorget, seier Nielsen.

– Det vert nok ein julesong eller to, òg, seier han lurt.

Senter for kultur

At kulturskulen har halde konsertar på Knarvik Senter i 15 år, er noko rektor har stor sans for:

– At Knarvik Senter satsar så mykje på den lokale kulturen, enten det er korps, kulturskule eller andre lokale kulturhendingar syns eg er heilt fantastisk, seier Nielsen.

Kulturskulen har brukt senteret mykje gjennom desse åra, og Nielsen kan fortelje at det er ein fin arena for unge musikarar, dansarar eller songarar å få vist seg fram på.

– Det som er så flott med senteret er at det er der det er liv. Det er der det er røre. Folk kan koma for å handle, og få musikk og underhaldning på kjøpet. Det kjem alltid mykje folk på Pepperkakekonserten, seier han.

Når Lindås kommune no skal slå seg saman med Meland og Radøy, seier Nielsen at han har tru på at senteret framleis vil bli arena for Pepparkakekonsertar i framtida.

– Eg håpar absolutt at denne tradisjonen fortsett med Alver kulturskule, seier han til med eit smil.

Årets Pepparkakekonsert kan du få med deg på Sentrumstorget torsdag 17. desember. Konserten startar 15.30 og varar til 17.00.