Søndagsope med gratis julegraut

Søndagsope Veslejulaftan med gratis julegraut

Butikkane våre har ope kl.14-19 (Meny 10-21) søndag 23.desember, slik at alle kan få unna innspurten på julehandelen sin i år òg!

Tradisjonen tru blir det servert gratis julegraut på Sentrumstorget siste søndag før jul. Den flinke dugnadsgjengen frå Knarvik Skulekorps står for serveringa, med god hjelp frå Folkemunne kafé.

Grauten blir akkompagnert av lune juletonar frå Otto Aksnes og Kurt Hatten. Med seg som gjestesolist får dei vår songglade ordførar, Astrid Aarhus Byrknes.
Då tenkjer vi det blir god julestemning her i senteret!

God fornøyelse!