Ta vare på minnene!

Jula er for mange ei fin tid. Nokre av dei beste minna frå barndommen skriv seg til denne magiske høgtida, med presangar, god mat og familietid. Heldigvis finnes det ein framifrå måte å foreviga desse gode minna på – nemleg bilete og film.

– Eg trur aldri det har blitt tatt så mykje bilete og film som no. Men om vi ikkje er forsiktige kan vi likevel ende opp med å bli dei generasjonane med minst bilete igjen etter oss, åtvarar Eli Eidsnes frå Elitefoto.

Ho er noko av ein ekspert på lagring av gode minne, og har bidradd til å bevara historia til Nordhordlendingar i mange år. Ho har faktisk nettopp vore med på å laga ei utstilling i barndomsbygda si, Indre Haugsdal i Masfjorden, der dei pusta nytt liv i gamle bilete:

– Vi fekk samla inn 350 gamle bilete, som vi har digitalisert, printa på nytt og ramma inn. Bileta har blitt til ein stor bildevegg. Sjølv om vi fekk inn mange små, uskarpe bilete, blei det bra til slutt. Det var gøy å sjå kva vi kunne få til, fortel ho engasjert.

Bestemors Dropbox

Kvar dag lastar verdas befolkning opp 95 millionar (!) bilete på Instagram. Og bileta som kjem seg opp på den populære bildedelingstenesta er bere ein brøkdel av alle bileta som vert tekne i løpet av ein dag.

– Så og sei alle har ein mobiltelefon i dag, og dei fleste av desse kan ta bilete. Dei er enno ikkje like gode som eit godt spegelreflekskamera, men ein kan framleis gjere masse med dei, fortel Eli.

Sjølv om det kan vere praktisk å ha bileta lagra digitalt, bør ein ta høgde for at viktige hendingar bør gjeras ekstra stas på.

– Kve gjer du når du arvar bestemors Dropbox? Og ikkje har passordet? Å ta vare på historiene våre er viktig. Den tryggaste backupen folk kan ha er fysiske bilete, seier Eli.

Lag ei fotobok!

Knervik senter elitefoto
Ho får stadig folk inn døra som lurar på om dei kan bruke bileta dei har på telefonen.

– Ja, det kan du! fortel Eli engasjert.

– Det som er ekstra gøy er at vi kan gjere det så raskt. Vi lokalproduserer det mest sjølv, enten det er kalendrar, koppar, lerret, julekort eller nokon av dei andre tinga vi kan feste bilete på.

Eli har eit godt råd til alle som tek bilete under julefeiringa, nemleg at dei bør laga seg ei fotobok.

– Det er jo så kjekt å sjå på i ettertid. Om 20 år kan barn og barnebarn sjå på dei og hugse kva som hende. Kva år fekk vi den kjelken? Kven feira vi med det året? Det er det fine med fotobøker – dei fortel ei historie, seier ho engasjert. Før ho legg til:

– Om folk ønsker å vite kva som er mogleg, kan dei komme innom og ta med seg ein katalog!