Tři oříšky pro Popelku

”Aaaskepott, vår Askepott!”. Sølvguttene og Jussi Bjørling må sjå seg slått på målstreken. Knut Risan. Det er mannen sin det. Og stemora. Og dronninga. Og prinsen. Inga jul utan Tre Nøtter til Askepott.

Det er mange år sidan eg rakk å sette meg ned og faktisk sjå denne østtysk-tsjekkoslovakiske herligheten. Frå perm til perm. Til det er julemorgonen litt for travel. Då skal eg kjøpe siste julegåvene, rekke strømpebuksebutikken og skrelle kålrabi. Men den velkjente stemma til Risan bærer ut til mor på kjøkkenet. Bileta sit på netthinna frå før. Dette kan eg. Ringreven.

”Deres kongelige høyhet, vent, historietimen!”. Den stakkars hofflæraren prøver febrilsk å samle ungdommane, men dei gjer nett som dei vil. Både i middelalderen og I 1973. Dei vil jo berre skyte med pil og bue dagen lang. ”Mine herrer! Mine herrer! Hva med leksene nu, da?”

Historia er passeleg politisk ukorrekt. Far let seg sjarmere av kyniske damer etter kona sin bortgang. Dette resulterer i at vakre Askepott, som jo er dotter til ein velståande godseigar, rykker stadig bak i køen. Ho må ligge på alle fire og skrubbe golvet medan stestøstrene, dei onde, svingar seg med silke og brokade. Målet er prinsen. Draumeprinsen. ”Bønnene skal i kurven, linsene i bollen”, roper Knut Risan i falsett, og Askepott gjer så godt ho kan.

No skal det jo seiast at Askepott, i tillegg til å ha sot på nasen, faktisk har bein i nasen og. Ho veit kva ho vil, og gjev alt i jakten på prinsen. Denne dama kan både ri, skyte med pil og bue. Ho leikar med prinsen, som katt og mus. Men kva ser ho eigentleg i denne prinsen? Eg for min del har ikkje ofra denne prinsen ein tanke gjennom alle desse åra. Eg var mest opptatt av Askepott. Vakraste dama, både med og utan hatt med fjær.

Noko seier meg at eg ikkje var aleine om det. Ei kjent bloggerinne, eller influencer om du vil, fekk nyleg trumfa gjennom eit askepottbryllup. Ho var aldeles nydeleg – med det vesle sløret, puffermer og pels. Mannen derimot, måtte på dameavdelinga på H&M og finne seg ein tights. I beige. Eg seier ikkje meir.

I Tsjekkioslovakia går det som det må gå. I mangel på Tinder og kontaktannonsar, inviterer prinsen alle jentene i kongeriket på slottsball. Han svingar seg med den eine og den andre, og sveipar vidare. Prinsen kan velge og vrake av friarar, men det er først då den mystiske Askepott dukkar opp, med slør og sko av glass, at han vert mo i knea og varm i hjartet.

Leiken held fram for Askepott. Kven er du?, vil prinsen vete. Men Askepott er ikkje lett å få has på. Ho har prinsen, og meg, i si hule hand.

Aske i fjeset, men ingen feiar. Hatt med fjør, bue og pil, men ingen jegar. Kjole med slep, men inga prinsesse.

La meg gjette… Er det Knut Risan?