– Ein stor lokal dugnad

Den 15. februar starta Knarvik Senter sitt eige Krafttak mot Kreft, i samarbeid med Kreftforeininga. Målet med aksjonen er å få med dei lokale bedriftene i Nordhordland til å samle inn kr 100 000,- 

– Det starta med at eg blei utfordra av Hans Jarle Einarsen, som er marknadssjef på Sartor Senter. Dei har nemleg hatt denne typen «Bedriftsstafett» i mange år no. Vi tok sjølvsagt utfordringa på strak arm, og kontakta Kreftforeininga og fortalte dei at vi ville lage vår eigen aksjon her på Knarvik, fortel ein engasjert senterleiar, Åge Torsvik.

Som sagt, så gjort – Kreftforeininga kom på besøk, og butikkane i senteret vart introduserte for ideen.

–  Vi har fått eit stort engasjement frå senteret. Dei butikkane vi har her på senteret har vore heilt fantastiske, seier Torsvik.

Bruktmarknad og auksjon

Det er allereie kome inn ein del pengar til aksjonen, som du kan følge her: https://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2019/5-10581.

– Målet vårt er å få samla inn 100 000 kroner, og vi har kome godt i gong. Vi har fått med oss Nordhordland Næringslag, som utfordrar alle sine medlemmar til å vere med. Dette er rett og slett ein stor lokal dugnad, seier Torsvik.

I tillegg til å donere pengar til aksjonen, kjem butikkane og dei tilsette i Knarvik Senter til å bidra på andre måtar:

– Lørdag 16. mars blir det verkeleg sett fokus på aksjonen i senteret.  Det blir ein auksjon klokka 13.10, der butikkane gjev gåver som skal auksjonerast bort, seier Torsvik før han fortsett:

– Dei tilsette i butikkane kjem òg til å setje opp ein bruktmarknad. Dei ryddar i skapa sine, og finn fram ting dei ikkje brukar, eller har brukt, og kjem til å selje desse til inntekt for kreftsaken. Her skal det vere mogleg å få seg noko fint, samstundes som ein støttar ein god sak, seier senterleiaren blidt.

Forutan auksjon og bruktmarknad, blir det òg aktivitetar for dei minste.
Klokka 13.00 kjem distriktssjefen for Kreftforeininga i Hordaland, Geir Vangsnes, til Senterscena for å snakka om årets aksjon.
Russen frå Knarvik VGS kjem til å vere til stades med bøsser, slik at alle kan få vere med å bidra.