Interiørdagar på Knarvik Senter

Torsdag 14. mars er det Nattope på Knarvik Senter, og klokka 14 same dag, opnar vi òg Interiørdagane.

Det kjem ca. 10 lokale utstillarar til senteret. Dei kjem til å vise fram flotte hagemøblar, møblar og anna som går under kategorien «interiør».

Foredrag med Signe Schineller

Fredag 15. mars kjem den anerkjende interiørstylisten Signe Schineller til Knarvik Senter. Ho har vore programleiar for fleire interiørprogram på tv, i tillegg til å vere ein ettertrakta foredragsholdar .

Du har kanskje sett ho som programleiar og interiørstylist for «Boligkrise» og «Sinnasnekker’n» på TVNorge, eller i faste interiørinnslag på «God Morgen Norge» på Tv2.

Ho kjem til å ha to foredrag – eit klokka 14, og eit klokka 16.30. Tittelen på foredraget er «Forandring fryder», der ho vil snakke om korleis ein kan skape sin eigen stil.

Signe ønsker nemleg at det norske folk skal skape personlege rom, anten det er heime, på jobben eller i kantina. Mange er opptekne av «likes» for tida, og då er faren stor for at ein tvilar på sin eigen smak. Ho kjem til Knarvik Senter for å hjelpe nordhordlendingane med å finne sin eigen stil, og stola på eigen smak.

Signe Schineller sit framfor eit rundt vindauge

Interiørstylist Signe Schineller kjem til Knarvik Senter.