Det skjer på Knarvik Senter i påska

Påskelunsj

Tradisjonen tru, vert det gratis påskelunsj på Knarvik Senter. Mellom 11 og 13 serverast det påsmurte skiver, kaffi og juice til dei som ønsker det.

Påskelunsjen vert servert på sentrumstorget av Knarvik Skulekorps, og leverast i samarbeid med Meny.

Det blir òg musikalsk underhaldning, sjølvsagt med Kurt Hatten og vår faste huspianist Otto Aksnes.

 

Minibondegard

På lørdag 13. april vert Sentrumstorget gjort om til ein bondegard! Dette gjorde vi sist under Bondens dag, og det viste seg å vere ein suksess blant dei minste.

Bonde Reidar Kallestad gler seg til å visa fram dyra sine på senteret.

– Eg gler meg! Det gjer eg alltid når eg stillar med dyr. Det er triveleg for meg, og det triveleg for dei som kjem for å sjå på, seier han.

Vi byter ut andedam og kunstige kyllingar, med ekte kyllingar. I tillegg kjem det både lam og kaninar, som barna kan få klappe på.

– Eg har med eit kull med kaniner – ein vaksen, og fem ungar. I tillegg kjem det ein god del kyllingar, og sauemor med nokre små lam, fortel Kallestad.