Stolpejakten er i gong

«Kom deg ut på tur!» – det er bodskapet frå Knarvik Senter, KnarvikMila og Alver Kommune når dei no har latt startskotet gå for Stolpejakta.

KnarvikMila har arrangert Tursekken saman med Knarvik Senter tidlegare år. Det var dei som introduserte stolpejakta til Nordhordland.

– Vi har gått saman om å vere med på ein spennande, moderne løysing, som vi håpar kan få fleire folk ut på tur, og i aktivitet, seier Eddie Ebbesvik frå KnarvikMila.

Rundt omkring i turområda kring Meland, Lindås og Radøy er det plassert ut stolpar.

– Når nokon registrerer seg på ein stolpe, blir dei med i trekninga av flotte premiar, fortel senterleiar Åge Torsvik.

Premiane ein kan vinne, er 10 tursekkar med innhald til ein verdi av 3000 kr, levert av Knarvik Senter.

Alle kan vere med

Ved å registrere ein stolpe, får ein eitt lodd. Jo fleire stolpar ein registrerer, desto fleire lodd. I alt kan ein finne 50 stolpar i Alver.

– Ein kan gå inn på stolpejakten.no, laste ned ein app og registrere turane ein har vore på. Dei som ikkje har appen, kan ta med seg eit skjema som ein finn i brosjyren om Stolpejakten, og skriva opp koden ein finn på stolpane. Det skjemaet kan leverast inn her på senteret, fortel Torsvik.

– Målet er å motivere folk til å nytta dei flotte naturområda vi har her i regionen. Mange av stolpane er tilrettelagt for barnevogn og rullestolbrukarar, så her kan alle vere med i trekninga, fortsett han.

Stolpejakta starta den 6. april, og kjem til å vare heilt til 1. november.