Barnas Sommarfestival 2019

Laurdag 22. juni kl. 11 – 16 er det sommarfestival for born i Knarvik senter.

Det blir opplevingar og aktivitetar for barn og familiar heile dagen. Blant anna blir det ballongshow, leiketorg med Lego, turar med Totto-toget og Barnas Rebusløp med masse flotte premiar.

Møt legofigurane Friends Stephanie, Emmet frå Lego the Movie og politi frå Lego City. Du får også helse på Ringobamsen og senterets eigen Villy Villsau.

Velkommen til ein leken festival!

VilVite held show

Kom og sjå show med VilVite!

Har du lurt på korleis det er å vere på sola?
Eller korleis man lagar ein sky?

Under Vitenshowet på Senterscena får du svar på dette og mykje meir.
Her får du oppleve gøyale eksperiment med smellgaranti.
Showet er ein del av Barnas Sommarfestival, og varer i ca. 30 min.

 

Pling vaken
– Lesestund på biblioteket i Knarvik under Barnas Sommarfestival

Irene Ahnéll har skrive den morosame biletboka «Pling vaken» som kom ut i 2018. Den kritikarroste barneboka handlar om Klara som ikkje får sove. Ho driv mor si til vanvidd med alle små og store påskot til å ikkje sove. Det blir ikkje enklare når monsteret i skåpet heller ikkje får sove!

Pling Vaken er ein historie dei aller fleste born (og vaksne) vil kjenne seg igjen i. Men historia har ein fiffig tvist og det blir ein fornøyeleg stund på Klaras rom.

Irene Ahnéll og Mette S. Tønseth spiller bokforestilling under lesestunda på biblioteket i Knarvik 22. juni kl. 11.00. Det blir boksignering med sal etter førestillinga, og borna får anledning til å helse på Klara og skapmonsterdokkene.
Programmet passar for born i alderen 4-9 år.

Program:

Kl. 11:00 – «Pling vaken»

Lesestund på biblioteket i Knarvik
Med Irene Ahnell og Mette S. Tønseth

Kl. 11-16:00 – Leiketorg for barna på Sentrumstorget

Totto-Toget kjører gratisturar i senteret.

Kl. 11:30-14 – Barnas Rebusløp

– Påmelding ved leiketorget

Kl. 12:00 – Ballongshow på Senterscena

– med Torkel frå Ballongtwist

Kl. 14:30 – Ballongslepp i Promenaden

– lodd og flotte premiar frå Ringo, Nille og Norli

Kl. 15:00 – «Kom og se show» med VilVite!

Showet varer i ca. 30 min.

Kl. 15:30 – Premieutdeling frå Rebusløpet

– masse flotte premiar

Totto Toget i senteret
fredag 21. og lørdag 22. juni