Måker – elsk eller hat?

Av: Anne Merete Solbakken

Måkene har blitt meir urbane. Dei flyttar frå sjøen til byar og tak. I Knarvik senter har måkene «penthouse» på taket, og ikkje alle er glade for det. Men kan vi lære oss å leve med måkene?

Måkene kjem tilbake år etter år som dei trufaste og stadbunde fuglane dei er. Men vil vi verkeleg ha desse fuglane så tett på oss? Måker som bæsjar på folk og bilar i senteret? Måker som tar mat rett framfor nasen på oss? Hissige måker som går til stupangrep på folk?

Forskarar og dyrevernarar gir måkene ryggdekning. Dei minner om at måka berre beskyttar borna sine og leiter etter mat.

– Folk må akseptere måkene. Måkene er ein naturleg del av naturen vi må lære oss å leve med, seier Anders Bjordal. Han er nestleiar i Ornitologisk foreining i Bergen (NOF) og ivrig måkeentusiast.

– Sumaren er ikkje den same utan måkeskrik, seier Bjordal.

Det er ikkje alle fuglar som har sin eigen hatsong. Men sjølv om Odd Børretsen skriv i songen sin «Måkene» at han hater måker, fortsett han slik: «Ikke hele tiden, naturligvis. Når de flagrer på himmelen som hvitt papir, eller flyter stille på det blanke vann og likner vakre badedyr av plastik, da er de en naturlig del av sommerens bilde og man tenker ikke mye på dem hverken med hat eller kjærlighet.»

Raudlista

Fiskemåka har sidan 2010 vert på raudlista og reknast som trua. Bestanden på kysten har hatt ein kraftig tilbakegang, samstundes som det dei siste åra har blitt meir vanleg med måker som hekkar på tak og trekk mot urbane strøk. Reduksjon i naturlege hekkeplassar og aukande minkbestand er medverkande årsaker til at måkene søkjer seg på tak. Bjordal har følgt med fiskemåkene i Alversund dei siste åra.

– Måkene som hekkar på holmar har hatt mislykka hekking. Dei einaste som får fram ungar er dei som hekker på tak. Det er derfor viktig å ta vare på naturlig hekkeplassar og kjempe aktivt mot minken, seier Bjordal. Han fortel at det nesten er tomt for hekkande fiskemåker innover Osterfjorden, og at den største fiskemåkebestanden i Lindås finn ein i Knarvik Sentrum, i området rundt Kvassnesstemma, Loni ved Brekkeløypa og på taket i Knarvik senter.

Bilde av en måke-unge

På taket i Knarvik senter er det både Fiskemåker, Sildemåker, Gråmåke og Tjeld. Ein kort periode om sumaren er det fugleungar i reira på taket. – Om ein lar fuglane vere i fred i denne perioden vil dei berre være «plagsame» for folk i et par veker, seier Bjordal.

Freda i hekkeperioden

merka måke

Ringmerking gir mykje informasjon om måkene. Les meir om ringmerkingsprosjektet på ringmerking.no/cr Foto: Anders Bjordal

– At stadig fleire måker etablerer seg på tak i tettbygde strøk er ein utfordring, seier Bjordal. Det er mange som ynskjer å bli kvitt måker på sommaren når dei er mest synlege for folk, og nokre fjernar egg frå hekkeplassar. Men dette er ulovleg.

– Måker har hekketid frå tidleg i mai til midten av juli, og i denne perioden er måkene freda. Ein risikerer å bli anmeldt dersom ein ikkje respekterer dette, seier Bjordal. Han ber folk la måkene vere i fred i hekkeperioden, og heller gjere tiltak før hekkesesongen, for å hindre at måkene slår seg ned på uønskte plassar.

– Det er berre ein kort periode måkene går til stupangrep, det er når morsinstinktet slår inn og dei berre vil passe ungane sine. Særleg kan dette hende dersom ein unge har falt ned på bakken. Då kan ein roleg flytte ungen tilbake på taket og vil dermed unngå hissige måker, seier Bjordal. Om ein måke likevel skulle gå til angrep i hekketida er Bjordals råd å forhalda seg heilt roleg, eller løfte handa over hovudet for å få fuglen bort.

Renovatørar

Renovatørane. Foto: Anders Bjordal

Måkene er ekstremt tilpassingsdyktige, og sjølv om nokon kan oppfatte dei som plagsame og støyande har dei ein nyttig funksjon som renovatørar.

– Måker er svært fleksible fuglar, og et nærmast alt dei kjem over. Fuglane ryddar opp i staden for at rottene gjer det, seier Bjordal. Han seier vidare at dersom ein ynskjer å gje måkene mat er det fint å gjere dette ein annan plass enn i senteret.

– Måkene kan bli meir nærgåande dersom folk matar dei. Men om ein ynsker å mate fuglane er det betre å gjere det ved Kvassnesstemma eller Loni, seier Bjordal.