Stolpesuksess!

Av: Anne Merete Solbakken

Stolpejakten er allereie ein kjempesuksess. Med over 3000 deltakarar og 31.000 registrerte stolpebesøk så langt, er turgjengarane i nye Alver kommune dei ivrigaste stolpejaktarane i heile landet!

Rundt stolpen i Brekkeløypa er det kort tid mellom kvar gong nokon registrerer ein tur. Familien Træland er ivrige stolpejaktarar og skannar erfarent QR-koden på stolpen:

–  Dette er vår sjuande stolpe, fortel pappa Erik Træland. Han er på stolpejakt saman med døtrene Karoline (5), Natalie (7) og Elise (10). Bestemor er også med. Familien likar og gå på tur og synes Stolpejakten er ein fin aktivitet for heile familien.

I området rundt Knarvik senter er det plassert ut fleire stolpar; i Brekkeløypa og ved Kvassnesstemma. Begge desse turane er tilrettelagt for barnevogn og rullestolbrukarar. Turane passer også ypparleg for familiar med born.

Stolpefargar

Totalt er det plassert ut 51 stolpar i mange av dei vakre turområda i det som snart vert Alver kommune. Turane i Stolpejakten har ulik vanskelegheitsgrad markert med fargekoder, og i kartet kan ein sjå kva for ein tur som passar.

– Vi har vært på ein blå, ein raud og fire grøne turar, fortel jentene entusiastisk.

– Det er ein flott måte å få ungane med ut på tur, seier Træland og utelukkar ikkje at dei kjem til å prøve seg på ein svart topp også i løpet av sumaren. Jentene synes også det er spanande og leite etter stolpane på nye stader.

– Det er gøy å følge med på kartet og finne stolpane, seier jentene.

– Og så er det ein ekstra motivasjon for ungane at ein kan vinne premiar også, fortel pappa Erik. Kvar registrerte stolpe gjev deltakarane eitt lodd i trekninga av flotte premiar, blant anna levert av Knarvik Senter.

Bli en stolpejaktar du også!

Stolpejakten er eit lågterskeltilbod for alle som ynskjer å koma seg ut på tur. Jakt stolpar – sank poeng og vinn flotte premiar! Last ned appen for å registrere turar på stolpejakten.no. Jakten er godt i gang og varer fram til 1. november.

Stolpejakten er eit samarbeid mellom Knarvik Senter, KnarvikMila og Alver kommune.

 

Dei ulike stolpefargane

Grønn – veldig enkel, kan nåes med sykkel og rullestol

Blå – enkel

Rød – medium

Svart – vanskelig