Bærfarga haust med gulldryss

Bærfarga botnfargar og lyse kontraster. Robuste tekstilar, velur, ull og gull.
Vi trekker inn i våre lune heimar, og i haust er innekosen ein varm blanding av minimalistisk balanse og glamour.

BÆR OG BLOMAR HOS PRINCESS:


Hos Princess er det bærfargar i ulike nyanser som pregar hausten. Princess kallar en av haustens trendar for «Memory lane». Bærfargar i alle tonar er karakteristisk for stilen, med mørkeblått, vinrødt og lyng som hovudfargar. Farge- bildet er mørkt, med mørke botnfargar kombinert med lyse fargar og klare kontrastar. Kordfløyelen er tilbake og skaper stilen samen med materialar som farga glas, keramikk og gull. Det kjem mange einsfarga produkt, men nokre mønstre fører stilen saman: rosemønstre, vintagemønstre og paisleymønstre!

ELEGANSE OG GLAMOUR HOS KID INTERIØR:


To av stilane du legg merke til hos Kid Interiør er «Modern Balance» og «Studio Glam». Modern Balance er ein design- orientert og elegant nordisk stil med fokus på funksjonalitet. Den er minimal- istisk men likevel koseleg og komfortabel. Studio Glam byr på eleganse, dyreprint, gulldetaljer og velur. Ser du etter ein leiken men glamorøs stil som gjev deg ei kjensle av jet-set og art deco? Då er Studio Glam noko for deg.

BRENTE FARGAR OG HYTTEKOS HOS FARMORS HUS:


Hos Farmors Hus er det flust med brente farger, bruntoner og gull. Robuste tekstilar i ull og kordfløyel egner seg godt saman med reine, enkle statement- produkt. Den lune stilen passer godt både til hus og hytter, medan nokre av produkta verkeleg gjev assosiasjonar
til det gode liv på hytta – som dei lekre koppane med tekster som «Hytta, kjære hytta» og «Slapp av du er på hytta».

NATUR OG VELUR HOS NILLE:


Hos Nille kjem det nye varer heile tida. Butikksjef Elisabeth fortel at mange av produkta berre kjem inn ein gong, så dersom ein «fell» for noko, er det lurt å slå til med ein gong. Det er ikkje sikkert det kan bestillast inn igjen.

Butikken bognar av fargar og stilar – og ein kan skape ein gjennomført stil i alt frå puter, til pyntegjenstandar og lampar, i akkurat den stilen eller fargen ein ynskjer. I kolleksjonane «Next to nature” og “Very velur” finn du alt frå duse, nordiske fargar, til varme, djupe fargar, gulldryss og dyremotiv frå den nordiske skogen.

SUNN OG SMAKFULL PALETT HOS KITCH’N:


Bitz er namnet på denne flotte serien med bestikk, servise og glas som du finn hos Kitch’n. Christian Bitz er ein av Danmarks mest populære foredragshaldarar, og formidlar sin helsefaglege vitenskap med stor entusiasme. Under utviklinga av serien Bitz har designaren utnytta dei ulike materiala sin struktur og fargar, samt laga eit design som gjer det enklare å få kontroll på porsjonane.

– Ideen er kort og godt at det skal være morosamt og enklare å være sunn i kvardagen! Bitz ønskjer å aktivere alle sansar under måltida, blant anna ved å gje bordet eit flott visuelt uttrykk. Bitz finns i mange ulike fargar – og passar smakfullt inn i haustens palett.