Bondegard for ein dag

Lørdag 28. september vert Knarvik Senter endra til ein minibondegard. Det populære arrangementet samlar tobeinte og firbeinte til eit heildagsprogram.
Sjå program nederst i saka!

Etter fjorårets suksess inviterer Knarvik Senter nok ein gong til Bondens dag. Her kan born og vaksne møte dyr og oppleve livet på ein bondegard på nært hald. I parkeringshuset ved politistasjonen bytar ein for anledninga ut hestekrefter med storfe og andre firbeinte dyr. Her ute vert det blant anna kåring av vêrlam. Under kåringa bedømmer dommarane om dyra skal brukast vidare i avl, og vurderer ulla, beina og kroppen. Det er om lag 130 sauer i mange forskjellige rasar med i kåringa.

Inne i sjølve senteret heldt smådyra til. Her har ein anledning til å sjå kaninar og andre søte smådyr.

Folkefest og Fårikål

På Sentertorget blir det full aktivitet gjennom heile dagen. Det vert utstilling av veterantraktorar og veteranbussklubben køyrer gratisturar rundt i Knarvik. Born som ynskjer kan ta sertifikat på trøtraktor. Om svolten melder seg blir det anledning til å smake ein av haustens tradisjonsrettar; fårikål. Meny serverer smaksprøver og Folkemunne byr på fullt måltid av denne haustfavoritten. I tillegg viser og sel lokale produsentar sine kortreiste produkt på lokalmatmarknaden. Her er det mykje godt og flott for ein kvar smak.

Marius Hindenes er med, i år som i fjor, og viser korleis ein klippar sauene. Husflidlaget er med og demonstrerer korleis ein foredlar ulla med karding og spinning.

Oppleving og opplæring

Ole Johan Eidsnes er leiar for Lindås og Meland Sau og Geit. Han er ein av arrangørane bak Bondes Dag og gleder seg til å vere med også i år.

– Vi var så fornøgd i fjor, så mykje folk og glede over å vere saman med dyra. Mange born og vaksne har ikkje noko særleg kontakt med dyr til dagleg, og dette er ein fin anledning til å oppleve og lære meir om dyr og dyrehald, seier Eidsnes. Dyra som er med i senteret er plukka ut fordi dei er rolege og likar å vere saman med folk. Eidsnes fortel at det likevel er viktig at folk respekterer reglane og hugsar at dyr er dyr.

– Pass på ungane, slik at dette blir ein god oppleving både for dyra og dei besøkande, oppfordrar han.

Denne gongen skal det også visast fram korleis ein skjer ned eit slakt. Her kan dei skodelystne sjå korleis ein delar opp dei ulike delane av sauen.

– Det er viktig å vise folk kvar maten verkeleg kjem frå, seier Eidsnes.

Bondens dag er eit samarbeidsprosjekt mellom Knarvik Senter, Norsk Sau og Geit, Norges Bondelag og Tyr – frå avl til biff.

 

Program

Kl. 09.00:

Kåring av verlam starter

Kl. 10.00:

Opning av Bondens Dag

Kl. 11, 12 og 13

Klipping av sau på Senterscena

Kl. 11 – 15

Veteranbussklubben BNR kjører turer rundt senteret