Bondegard i ull

Ullbyen har dei siste åra vore eit fast innslag på Sentrumstorget. I år er tema «Bondegarden i framtida» og elevar frå Knarvik barneskule er med på kunstprosjektet for sjette gong.

Det luktar svakt av ull i kunst- og handverkslokala på nye Knarvik barne- skule. Elevar frå 5. klasse jobbar iherdig med å få på plass delane til Ullbyen- utstillinga. To store kasser med karda ull i ulike fargar er i ferd med å bli til ulike deler av ein framtidsbondegard av ull. Elevane lager traktorar, bønder, sauer, griser, høner og lamaer. Faktisk ganske mange lamaer.

– Det var litt vanskeleg å velgje kva eg skulle lage, men eg enda opp med å lage ein lama, som no har blitt til ein alpakka med masse alpakkababyar, fortel Ingrid. Ho sit saman med venene Kaia, Kristina, Tiril og Nora. Dei skarpe filtenålene blir flittig brukt til å forme ulla slik dei ser for seg, heilt ned til ørsmå, finurlege detaljer.

– Det er gøy å bruke fantasien, og så får vi lov til å sitte saman og bråke litt medan vi arbeider, fortel jentene halvvegs i munnen på kvarandre.
– Eg gler meg til å sjå på utstillinga. Det er spanande å finne igjen det ein har laga og sjå kva alle dei andre har laga, seier Kaia og fortel at ho var og såg Ullbyen minst 20 gonger i fjor:
– Eg måtte jo vise fram det eg hadde laga til alle eg kjenner!

Fast inventar på Ullbyen

Knarvik barneskule har tradisjon for å melde på heile skulen, og i år er 240 elevar frå skulen med på prosjektet.
– Det er fantastisk å sjå utviklinga og kva borna klarar å lage frå dei starta med dette i første klasse, til no i 5. klasse, seier kunst- og handverkslærar Kjersti Hindenes. Ho fortel om iherdig innsats, og at elevane er godt førebudd når dei går i gang med arbeidet.

– I år hadde vi ein felles samling i auditoriet der vi fortalde elevane om utstyr som den moderne bonden brukar. Deretter måtte elevane lage ei skisse over kva dei ville lage før dei sette i gang med nålefiltinga, fortel ho. Dei fleste elevane synes prosjektet er gøy, medan andre synes det kan verte litt einsformig å stikke nåla tusenvis av gongar gjennom ulla.

ULLVEKA 2019

Ullbyen er eit samarbeid mellom Knarvik Senter, Hillesvåg Ullvarefabrikk, Ullveka og skular i Nord- hordland. I år er det til saman 1300 elevar frå 17 skular i Meland, Lindås, Radøy, Austrheim og Fedje med på å bygge Nordhordland sin største «bondegard». Ullbyen vert opna i forbindelse med opninga av Ullveka 2019, fredag 18. oktober. Byen vert ståande på Sentrumstorget fram til lørdag 9. november.

 

Program

14.00: Ullmarknad i senteret
17.00: Strikkekafé (bord foran scena)
18.00: Opning av Ullveka v/ ordførar Astrid
  • Visning Hillesvåg Ullvarefabrikk, eigne modellar
  • Visning av designsamarbeid Linda Marveng og Kari Hestnes
  • Presentasjon av årets Ullveka-sjal
  • Presentasjon/informasjon om kåring av Alver-genseren
  • Utlodding («FÅRE»-trekning)
  • Visning Kirkens Nødhjelp Geitestrikk, årets vakraste, varmaste og viktigaste genser