Haustjakt på stolper

Under KnarvikMila blei fem av hovudpremiane til Stolpejakten delt ut. Men jakta på både stolper og premiar held fram utover hausten.

– Stolpejakten har verkeleg engasjert folk i Nordhordland. I forhold til innbyggjartal er Stolpejakten i Alver den største i landet, og den 6. september var det registrert over 68 100 turar og 5308 deltakarar, fortel Trond Andal, dagleg leiar for Knarvik- Mila. I tillegg var det nærare 460 som registrerte seg ved Gullstolpen under sjølve KnarvikMila.

– Dette har vore ein kjempesuksess utover alt vi turte å drøyme om. Stolpejakten er definitivt noko vi i KnarvikMila ønskjer å fortsette med. No skal vi evaluere den før vi forhåpentlegvis går i gang på nytt, seier Andal.

Vinnarar av tursekkar

Under KnarvikMila blei fem av hovud- premiane delt ut. Premiane var fem tursekkar med ein forundringspakke av innhald gitt av sponsorar i Knarvik Senter, og hovudsponsor er Sport Norge Knarvik. Verdi ca. 5000 kroner.

Det er fem tursekker igjen som skal trekkast i november når Stolpejakten 2019 er avslutta. Stolpejakten varer fram til 6. november.
Les meir på Stolpejakten.no eller last ned appen!

 

Dei fem heldige vinnarane var:

  • Tom Smørdal f.1974 – 39 turar
  • Christian Nordås f.1982 – 16 turar
  • Else Mari Kjøs f.1981 – 03 turar
  • Kirsten Rongved f.1944 – 51 turar
  • Bente Samlanes Sagstad f.1971 – 13 turar