Ny vri langs E39

Transformasjonen av Knarvik sentrum har byrja. I løpet av oktober kjem det ny midlertidig bussterminal langs E39 ved Knarvik Senter.

Alle som har besøkt Knarvik sentrum den seinare tid har nok fått med seg gravearbeidet og utbygginga langs E39. Det kommunale infrastrukturprosjektet hadde byggjestart i mai, og første del av prosjektet skal vere ferdig rett etter haustferien.

– Akkurat no pågår arbeidet med å klargjere til flytting av bussterminalen. Denne skal flyttast opp ved E39 langs senteret, og sjølve flyttinga av terminalen vil skje i haustferien. Då er det mindre trafikk på bussane, og flyttinga vil vere meir skånsam for folk, fortel Helen Gjærde, prosjektleiar for Regionsenterutvikling i Lindås kommune. Etter flyttinga vil skysstasjonen være nærare senteret, og terminalen vil få eit fint uteområde.

– Den nye skysstasjonen er midlertidig, men vil bli ståande slik ein del år. Difor ønskjer me å gjere terminalen så hyggeleg som mogleg, og ein av tinga me gjer er å flytte trea som står ved den gamle skysstasjonen opp til den nye, fortel Gjærde.

Trykk på bilete for stor versjon av plankartet:

Ny rundkøyring

Flyttinga av bussterminalen er berre ein liten del av infrastrukturprosjektet i Knarvik. I løpet av anleggsperioden i haust skal det også byggjast ei ny midlertidig rundkøyring langs E39, ved innkøyrsla til senteret. Arbeidet med dette startar etter flyttinga av terminalen. Det pågåande prosjektet er svært synleg og tar mykje plass, og Gjærde oppfordrar alle til å rette seg etter skilting og trafikkdirigentar.

– Tryggleik er det aller viktigaste under utbygginga, og vi jobbar for å gjere situasjonen så god og enkel som mog- leg for både harde og mjuke trafikantar, fortel Gjærde. Ho oppmodar folk til å ta kontakt med kommunen dersom dei har spørsmål.

– God dialog med innbyggjarane er viktig i byggjeprosessen. Dersom folk lurer på noko eller har andre innspel til løysingar under utbygginga, ønskjer me at dei tar kontakt med oss, seier Gjærde.

Framtidas Knarvik

Nede ved Kiwi og området rundt Kvassnesvegen skjer det også store endringar. Ved Kiwi skal vegen senkast 2 meter, og vegen vert bygd om for å leggje til rette for den planlagde allmenningen som ein gong i framtida vil gå gjennom Knarvik sentrum.

– Byggjeprosjekta som går føre seg no er del av ein lang transformasjonsprosess der kommunen i samarbeid med andre aktørar arbeider med å byggje ein by, fortel Gjærde. Prosjekta er ein del av områdeplanen for Knarvik sentrum som vart vedteken av kommunestyret i 2015. Bilistar og mjuke trafikantar må difor førebu seg på fleire år med ulike byggje- prosjekt i Knarvik sentrum.

– Målet er at Knarvik i framtida skal ha eit sentrum med bymessige kvalitetar og flotte grøntområde. Nye Knarvik sentrum skal vere godt tilrettelagd for næring
og ein god stad å bu og arbeide, seier Gjærde.