Dette skjer i jula på Knarvik Senter!

Førjulstida i senteret byr på gode tilbod, musikalske opplevingar, kreative aktivitetar, viktige solidaritetsprosjekt og masse herleg julestemning.

29. november – julegateopning
30. november – «Konsert med smil» m/ Lindås Kulturskule og Lindås læringssenter
12. desember – Konsert for hele familien m/ Bjarte Leithaug
13. desember – Pepparkakekonserten
14. desember – Julekonsert m/ Oster Brass
15. desember – Lysfesten
20. desember – Juleshow med ZingZang

Nissen, godteri og julegateopning

Nissen kjem i år også, og gler seg nesten like mykje som borna. Han kjem til Knarvik Senter til julegateopninga fredag 29. november kl. 18.00. Nissen og hjelparane lagar liv på sentrumstorget med sitt herlege nisseshow og tenner julegata saman med borna. Denne fredagen blir det godteposar til borna, og gløgg og peparkaker til dei vaksne.

Julemusikk kvar dag i desember

Alle som er glad i julemusikk kan glede seg til ein stemningsfull og musikalsk desember. Den tradisjonelle peparkakekonserten med Lindås Kulturskule samlar håpefulle musikkelevar og spente foreldre til førjulskonsert fredag 13. desember. Oster Brass spelar julekonsert både under julegateopninga og på eiga julekonsert laurdag 14. desember. I tillegg vert det live julemusikk framført av ulike lokale korps og ensemble stort sett kvar ettermiddag i desember.

Familiejulekonsert med Bjarte Leithaug torsdag 12. desember kl. 19.00

Nattopekonserten blir ein miks av dei mest kjende barnesongane hans, og nokre julesongar.

Juleshow for hele familien med Zing Zang fra Frekhaug, fredag 20. desember kl. 18 og 19

Konsert med smil

Siv Brundtland Eide og vener frå Lindås Kulturskule og Lindås læringssenter opptrer med song og julemusikk under «Konsert med smil» lørdag 30. november. SenterAvisa møter nokre av solistane under førebuinga til konserten. Den blide gjengen heldt til på musikkrommet på Knarvik Barneskule.

Her øver dei på gamle julefavorittar, men terpar også overgangar på julesongar dei aldri har spelt før.

– Vi gler seg til å spele for publikum og til å ønske alle ei god adventstid framover, fortel Christine som spelar keyboard og trommesett under konserten. Saman med Nikolai skal ho også vere konferansier.

– Vi er ein glad gjeng som spelar saman, så namnet på konserten passar bra, fortel Nikolai.

Lysfest og håp i gryta

Det blir søndagsope 8., 15. og 22. desember. Søndag 15. desember blir handledagen avslutta med Lysfest. I år som i fjor startar fakkeltoget frå senteret etter stengetid kl. 19. Toget går frå senteret og rundt Brekkeløypa, der det vert fyrverkeri på idrettsbana. Alle får servert gløgg til å varme seg på etter at toget er tilbake i senteret.

I år går inntektene frå salet av faklar til Frelsesarmeen si julegryte.

For mange byr denne julegryta på julestemning, for andre mat, varme klede – og verdigheit. 13.000 menneske bad om hjelp i jula i 2018, og 2000 personar åt julemiddagen sin hos Frelsesarmeen på julaften i fjor. Alt dette er mogleg takka vere gåvene i julegryta.

Juleverkstad for born

Ta med borna til juleverkstad på Sentrumstorget. Her kan dei utfalde seg kreativt og lage flotte julegåver.
Det blir sju dagar med juleverkstad i desember, og på desse dagane kan borna blant anna lage julekort, perle kjøleskapsmagnetar, lage julelenker og hjarter og dekorkuler i akryl.
Fredagar frå kl. 15-19 og lørdagar frå kl. 13-17.