Ei god jul for alle i Alver

Du kan bidra til at andre i Alver får ein god jul i år.

Julegåveaksjon

Nordhordland Røde Kors og Meland frivilligsentral skal for femte år på rad arrangere julegåveaksjonen – Ei god jul for alle. Målet med aksjonen er å sørge for at born og ungdom (0-20 år) i låginntektsfamiliar får julegåver, og at familiane får julemat i høgtida.

– Det er eit stort behov for dette, og vi hjelper stadig fleire kvart år, seier Sissel Monsen frå Nordhordland Røde Kors. Ho fortel at dei hjelper både einslege forsørgarar, uføre, familiar i krisar og andre som har behov for hjelp til ein betre julehøgtid.

Gåver under treet

I Knarvik Senter kan ein bidra til julegåveaksjonen ved å legge gåver under juletreet utanfor Norli. Gåvene vert henta kvar kveld og lagra fram til sortering og utdeling rett før jul. Mange har det som ein førjulstradisjon at dei legg pakker under treet saman med borna sine.

– Det er rørande og oppleve kor mange som vil hjelpe, seier Monsen. Ho understrekar at det er viktig at julegåvene som vert lagt under treet er nye ting.

– Dette er gåver som foreldre skal gje til borna sine på julaften, og då er det viktig at det er ordentlege ting, seier Monsen.

Nokre av butikkane i senteret samarbeider med aksjonen, og ein kan kjøpe gåver og legge dei i ei handlevogn i butikkane. Lindex og Europris er to av aktørane som deltar.

Matkassar

Julegåveaksjonen deler også ut matkassar, og samarbeider med fleire aktørar om dette. Også her er det mogleg å bidra på fleire måtar, både med pengegåver og matgåver i ulike butikkar.

I 2018 fekk om lag 30 familiar gåver og matkassar frå Julegåveaksjonen. I år skal aksjonen utvidast til heile Alver kommune, og arrangørane reknar med det blir mange fleire som får hjelp i år som heile Alver er inkludert.

Sjå www.meland.frivilligsentral.no for meir informasjon om årets julegåveaksjon.