Ei Salto-jul

Fleire gongar i veka samlast ungdommar frå heile Nordhordland på Salto i Knarvik Senter. Ungdomskontakten Salto er eit lågterskeltilbod til ungdommar mellom 13 og 20 år. Her kjem ungdom innom for å prate med vener og dei vaksne som jobbar der, gjere lekser, spele spel eller berre slappe av.

Kva synes de er det
beste med jula?

Eduard: Å vere med familien!
Markus: Å ete god mat.
Stine: Få pakker og kjøpe pakker.
Mina (13): At vi samlast og gjer ting saman, som å bake peparkaker.

Kva likar de ikkje med jula?

Markus: Pengebruken.
Mina (13): Dersom eg planlegg og har kjøpt inn julegåver, og så er det nokon eg har gløymd.
Eduard: Det er stress med alt vi skal rekke.
Marielle: Jula byrjar for tidleg i butikkane, folk blir lei av julekaker når dei startar å selje dei i september.
Markus: Logistikken. Det er ikkje lett å få tid til alt ein skal gjere, til dømes på veslejulaftan og julaftan.

Kva skapar mest julestemning?

Marielle: Når Ingrid (miljøterapaut på Salto) syng julesongar og pyntar til jul på Salto.
Thomas (miljøterapaut på Salto): Det blir varmt her når vi pyntar til jul, på grunn av alle julelysa.
Markus: Eg har ein nabo som har julelysa hengande på huset heile året, og tenner dei i desember. Men det er vel slik dei gjer her på senteret også, trur eg?
Markus: Eg får julestemning når julekalenderen byrjar på TV.
Ingrid: I år skal vi og vise ein episode av ein julekalender kvar dag fram mot jul, og så har vi julemusikk, peparkaker og klementinar.
Mina (13): Eg får nissekalender til jul, med masse småting.
Marielle: Det er gøy med advents- kalender, eg blir aldri for stor til det.

Kva med julegåver?

Stine: Før var gåvene meir viktig. No er det vanskeleg å vite kva ein ønsker seg. Eg har alt eg treng.
Mina (17): Vi er ein stor familie, så vi sluttar å gje gåver etter at folk er 18. Gåver er heller ikkje så viktig, tid saman er viktigare.
Mina (13): Gåver kan vere ein måte å vise at ein bryr seg om nokon, at man gir dei noko som betyr noko for den personen.

Har du ei gåve du har gitt eller fått som du hugsar for alltid?

Stine: Eg og søstera min fekk lamper til jul, eg fekk ein lavalampe eg hadde ønska meg. Så plugga vi dei i støpselet, røyk ei sikring og begge lampene blei øydelagd.
Eduard: Eg fekk korset eg har på meg til jul for ni år sidan av tanta mi. Det er den einaste gåva eg har fått som ikkje har blitt øydelagd.
Mina (17): Eg fekk ein My Little Pony dukke som kunne gå og snakke. Det einaste var at den var kjøpt i ein tysk nettbutikk, så den snakka berre tysk…

Kor skal de feire jul i år?

Markus: Heime.
Marielle: Vi skulle til Syden, men nå blir vi heime likevel.
Mina (17): Det er første året foreldra mine ikkje feirar saman, så eg veit ikkje kor eg skal vere i år.
Eduard: Eg håpar på å ta ein tur til familie i Tyskland eller til besteforeldre i Romania, men eg har ikkje bestilt nokre billetter enno.
Stine: Eg skal vere heime, og tvinge bror min til å komme.

Salto har ulike oppgåver når det er Nattope på senteret, kva for oppgåver gjer de då?

Eduard: Vi gjer ulike oppgåver, vi er parkeringsvakter eller gir beskjed om folk ikkje oppfører seg fint.
Marielle: Vi ryddar i senteret og er scenevakter. Nokre gongar kler vi oss ut, til dømes som Villy Villsau – sentermaskoten.
Ingrid: Vi har fått så fine refleksvestar med logo på, så no kan alle sjå kven som er med og jobbar.

Til slutt – kvifor er det så bra å kome på Salto?

Eduard: Det er kjekt å vere her, vi blir kjent med nye folk. Vi pratar med kvarandre og spelar FIFA.
Marielle: På onsdagar er det mat også.
Mina (13): Vi snakkar om gøye ting saman, og så føler eg meg alltid velkommen!