Juleønske frå ordføraren

Sara Hamre Sekkingstad har ikkje så mange private julegåveønsker, men den nye ordføraren har mange gode ønsker for Alver kommune.

Det er ei travel førjulstid for Sara Hamre Sekkingstad (26). I tillegg til å verte historisk ved å bli den fyrste ordføraren i Alver kommune er ho også på flyttefot. Sekkingstad har tatt fire års permisjon frå studiane i Havbruk og Sjømat ved UiB og flyttar om kort tid frå Bergen til Knarvik. Saman med sambuaren har ho kjøpt rekkehus i Knarvik, og planen er å vere i hus til jul. Midt i ein ny politisk kvardag blir det også tid til oppussing, juleførebuing og pynting av juletre.

– Eg håpar å få på plass eit juletre til jul, men har ennå ikkje diskutert det med sambuaren min, fortel ho. Sjølv er ho glad i moderne julepynt, medan sambuaren likar meir tradisjonell pynt. Likevel er Sekkings- tad sikker på at dei vil kome fram til eit kompromiss – slik ho er van med frå politikken.

– Vi finn nok ein gyllen middelveg. Vi kan ha juletre, men diskutere pynten, ler ho.

Sekkingstad har på kort tid utmerka seg med sitt strålande smil, nærvær og engasjement. – Eg ønsker å vere ein positiv og folkeleg ordførar, seier ho og fortel at ho ønsker å bruke mykje av tida si framover på å bli kjent med innbyggjarar, næringsliv, lag, organisasjonar og frivillige i kommunen

Samarbeid og engasjement

Etter valet i september, der Senterpartiets toppkandidat Jon Askeland fekk jobben som fylkes- ordførar for Vestland, vart ordførar- stolen ledig for Sekkingstad.
I samarbeid med Ap, Høgre og KrF har den unge Senterparti-ordføraren fått oppgåva å samle heile Alver – rundt 29000 innbygg jarar frå Radøy, Meland og Lindås, til eit rike.

– Det er eit stort ansvar, og ein bratt læringskurve. Men eg er takksam for at eg har fått denne moglegheita, og at partiet og veljarane tør å satse på ungdom, seier Sekkingstad. Trass sin unge alder har Sekkingstad 8 års erfaring frå kommunestyret i Radøy og fire år på Fylkestinget. Ho har og vore engasjert i ulike lag og organisasjonar gjennom heile ungdomstida.

– Eg er ny i ordførarrolla, men ikkje ny i politikken. Eg har dessutan flinke folk rundt meg, og vil søkje råd, være open og ikkje lukke meg inne på kontoret, seier ho og understrekar at dette ikkje er ein jobb ho skal gjere aleine.

Familietid og tradisjonar

Mellom dei politiske slaga ser Sekkingstad fram til juleferie og late dagar med familien. Julaftan vert feira i barndomsheimen på Manger saman med mor, far, tre yngre søsken, tante, to kusiner og ein onkel.

– Ein fin tradisjon vi har hatt heime på Manger er å ete julegraut saman med naboar. Seinare på dagen går vi i kyrkja, og eg passar på å få med meg den gudstenesta der korpset spelar, fortel ho. Deretter venter tradisjonell norsk julemat med pinnekjøt og riskrem til dessert.

Konkurranseorientert

Etter opning av gåvene samlast familien rundt ulike brettspel, og Sekkingstad trekkjer fram «Besserwisser» som ein julefavoritt. Ho fortel at det kan gå varmt føre seg i familien.

– Det er utruleg kjekt å spele saman, og her vaknar konkurranseinstinktet hos fleire av oss, fortel ho. Konkurranse- instinkt og engasjement er også godt å ha med seg når storfamilien samlast til sin årlege volleyballkamp. Då spelar tantar, onklar og foreldre på senior- laget medan søsken og søskenborn spelar på juniorlaget.

– Vi har som tradisjon at vi spelar julekamp i romjula, med pokal og det heile. Juniorane har aldri vunne mot seniorlaget, men i år er det ny sjanse, seier ein optimistisk Sekkingstad.

Julegåver

Julegåver er ikkje den ferske ordføraren så oppteken av, men ho likar gjerne å bake og gi vekk heimela- ga gåver.

– I fjor baka eg makronar, utan så stort hell. I år er planen å bake julebrød saman med ei kusine, fortel ho. Når det gjeld gåver generelt fortel ho at ho er glad i å gi gåver, men ikkje så glad i å kjøpe dei.

– Eg eg ikkje så kreativ når det kjem til det. Heldigvis har eg ei yngre søster som er flink til det. Ho fiksar og eg vippsar, og eg er veldig glad og takksam for den hjelpa.

Juleønske for den nye kommunen

Sekkingstad er heller ikkje så oppteken av sine eigne julegåve- ønsker, sjølv om det er ein god del ho treng når ho no flyttar i nytt hus. Til gjengjeld har ordføraren fleire jule- og nyttårsønske for kommunen når Alver formelt ser dagens lys 1. januar 2020.

– Eg ønsker at Alver skal få ein stabil start, at vi klarer å skape eit godt samarbeidsklima, slik at vi kan byggje ein god kommune saman med innbyggjarane. Det er allereie lagt ned eit flott arbeid og eg er svært positiv på kommunen sine vegne