Å elska og æra – Bryllupsmesse 2020

Velkommen til Bryllupsmesse i Knarvik Senter 20. februar kl. 17.00 – 19.30

Planlegg du bryllup i år eller neste år? Knarvik Senter er pynta til fest og alle dei flotte utstillarane står klare for å gje deg inspirasjon, gode tilbod og moglegheit for å gjere avtalar til den store dagen.

Det blir underhaldning frå scenen, trekning av flotte gåver og storslagent brudeshow med Kika Weddings, Blomsterverkstaden og aktørar frå senteret.
Du får smaksprøver og forfriskingar, tips til bryllaupsgåver og det siste innan dekor, mote og blomster til bryllupet.

Anne Hvidsten er konferansier og leiar oss gjennom kvelden.

Ta med deg forloveden, forlovaren, venninnegjengen eller foreldre og bli med på årets happening for brud og brudgom!

Inngang: gratis.

Påmelding på Facebook:

Alle brudepar som melder seg på blir med i trekninga av ein hemmeleg og eksklusiv «bryllaupsgåve».
Påmeldinga skjer her på Facebookarrangementet. Skriv gjerne namn på den du skal gifte deg med, og når du har planar om å gifte deg. Vinnaren må vere til stades under trekninga.

Program

 

KL. 17.00: Messeområdet på Sentrumstorget opnar for publikum:

  • Besøk våre flotte utstillarar og gjer avtaler for den store dagen.
  • Servering av forfriskingar og smaksprøvar.
  • Bryllupsrebus med flotte premier.


Kl. 18.00:
Bryllupsshow:

  • Bli med inn i ei verd av kjolar, dressar og tilbehøyr med Kika Weddings, Blomsterverkstaden og aktørar frå Knarvik Senter.
  • Musikkinnslag ved Cathrine Høgquist.
  • Konferansier: Anne Hvidsten.

Kl. 19: Messa fortsetter.

Kl. 19.20: Trekning av hovudpremiar.

 

Velkomen til Bryllupsmesse 2020!