Innbyggjarservice i Knarvik Senter

Alver kommune vil vere tett på alverbuen, og opnar innbyggjarservice i Knarvik Senter.
Fredag, 13. mars klokka 12 er alle hjarteleg velkomne til festopning, med kake, musikk og snorklipp av ordførar Sara Hamre Sekkingstad.

Innbyggjarservice blir å finne i 2. høgda i promenaden, med Cubus som næraste nabo.

– Vi vil vere tett på innbyggjarane, og møte dei der dei er. Mange av dei som bur i kommunen vår har eit ærend i Knarvik i løpet av ei veke, og difor ville vi etablere ein møtestad akkurat her, fortel rådmann Ørjan Raknes Forthun.
Hjå innbyggjarservice kan alverbuen mellom anna få hjelp til utfylling av kommunale skjema, avtale møte med ein sakshandsamar i kommunen, eller finne ut kven dei skal vende seg til for å løyse ei bestemt oppgåve.
Treng du til dømes rettleiing eller informasjon om kva reglar som gjeld for din eigedom? Byggesak vil vere representert på innbyggjarservice i Knarvik Senter var måndag og onsdag mellom klokka 9 og 15, og ein treng ikkje avtale tid for å møte dei desse dagane.

Innbyggjarservice tre stader
Alver kommune er ein langstrekt kommune og avdelingsleiar for innbyggjarservice, Anne Dahle Austrheim, fortel at alverbuen framleis vil få hjelp på kommunehusa på Manger og på Frekhaug.
– Alle våre kontor for innbyggjarservice vil vere bemanna dagleg mellom klokka 08.30 og 15.00. Innbyggjarservice samhandlar tett med dei ulike tenestene  kommunen slik at dei som tek kontakt med oss skal få den hjelpa dei treng, lovar Austrheim. Dei nye lokala for innbyggjarservice er på heile 460 kvadrat og inneheld mellom anna fire pc-stasjonar for publikum, sentralbord samt fleire kontor og møterom.

På jakt etter lokale kunstnarar
Håpet er at den nye innbyggjarservice også vil bli ein møteplass for kultur. Dei nye lokala er nemleg ikkje utsmykka, og det er det ein grunn til.
– Vi har mange fantastiske kunstnarar i Alver, og vil gjerne invitere desse til å stille ut sin kunst i dei nye, romslege lokala våre. Det kan vere alt frå foto til måleri, keramikk eller ull. Vi ynskjer at Innbyggjarservice skal vera ein god stad å komme til, og ein arena der kommunen kan kommunisere og inspirere innbyggjarane, og motsett, seier Austrheim.
Ho legg til at interesserte kunstnarar kan kontakte kulturavdelinga i kommunen om dei er interesserte i å stille ut.

 

Knarvik Senter gler seg til opninga av Innbyggjarservice!