Krafttak mot kreft 2020 – ta i eit tak med oss!

Knarvik Senter og Nordhordland Næringslag fortset samarbeidet med Kreftforeningen/Krafttak mot kreft, for å samle inn pengar til forsking på kreftformer som få overlever.

Om du ønsker å bidra kan du gå inn her: https://innsamling.kreftforeningen.no/krafttakmotkreft2020/5-12882

Innsamlinga starter allereie nå, og vi utfordrar lokale firma til å bli med på Bedriftsstafetten. Dette er andre året vi er med på aksjonen, og vi har auka måla for innsamlinga i år.

Ver med på aksjonsdagen

Fredag 6. vert årets aksjonsdag i Knarvik Senter, med Nattope og familiedag, der det vil vere ulike aktivitetar for store og små. Vi vil mellom anna holde auksjon kl. 18, der inntektene uavkorta går til «Krafttak mot kreft».

Auksjonsobjekta er flotte ting donert av butikkane på Knarvik Senter.

Totto Toget kjem på besøk frå kl 14, og det vert ansiktsmåling for dei minste.
Senteret byr på gratis Fredagstaco, frå kl 19-22, og Hjemås Mannskor underheldt kl. 20 på Sentrumstorget.

Viktig tema

Mange kreftformer har hatt for høge dødstal, for lenge. Med Krafttak mot kreft 2020 ønsker Kreftforeningen å endre denne alvorlige situasjonen. Ulike kortsiktige og langsiktige tiltak kan bidra til at fleire overlever og gjere at dei som er råka av kreftformer med lav overleving får eit betre liv.

Auka målsetjing

Vi håper både firma og private ønsker å bidra til denne gode saken, og at engasjementet i vårt distrikt blir stort. Heile Næringslaget er med, og vi oppmodar alle medlemmane våre til å bidra.

I fjor samla vi inn 150.000 kroner, og vår målsetning for Bedriftsstafetten i år er å samle inn 200 000 kroner. Knarvik Senterforening har starta stafetten med å gi 5000 kroner.
Stafettpinnen er sendt vidare og vi oppmodar alle til å gi så det monnar!

PS! Du kan også gi en gåve ved å bruke Vipps nr.: 451075