Opne butikkar

Mange av butikkane i Knarvik Senter er opne. Dei fleste følgjer kjerneopningstida mån-fre 10-18, lør 10-16, men nokre har andre tider.
Dei kan du sjå her: https://www.knarviksenter.no/opningstider/

Fleire av verksemdene våre har måtte stenge etter pålegg frå styresmaktene, og nokre har sett seg nøydt til å stenge av økonomiske grunnar. Dette synes vi sjølvsagt er leit, men det er nok heilt naudsynt slik situasjonen er no.

Det er likevel fleire av butikkane våre som er opne, og vi vil gjerne gi dei litt merksemd!

Her er ei liste over butikkar i Knarvik Senter som er opne:

Cubus, Mr.Clean, Jernia, Nille, Sport Outlet, Princess, Norli, Garn og Broderi, Sport Norge, Ringo, Rose Parfymeri, Lindex, Europris, Life, Wagner/Savoy, Haaland Eurosko, Shoeday, Kid Interiør, Vitusapotek, Apotek1 Promenaden, Vinmonopolet, Dressmann, Yrkesklær, Buddy, Power og Meny

Vi følgjer helsemyndigheitene sine retningsliner, og tar smittevern og tryggleiken til både kundar og tilsette på alvor. Ekstra ressursar er satt inn på reingjering av senteret, spesielt på berøringsflater.

Vi  ber om at alle følgjer dei reglane som gjeld slik at butikkane våre kan ta i mot til TRYGG HANDEL.