Vårinspirasjon frå butikkane

Våren har vakna

Butikkane i senteret bugnar av vårnyheter og inspirasjon. Endeleg er den etterlengta våren her og vi er klare for ein ny giv etter vinterdvalen.

Ein av vårens store trendar er denim, og gjerne lag på lag i ulike nyansar. Bryt opp antrekket med tilbehøyr i kontrastfargar. I vår er det rette jeans som gjelder, og gjerne litt lause eller vide i passforma. Kombiner med store sneakers for ein sporty og trendy vårlook. Eit fargerikt antrekk kan lyse opp etter ein lang vinter og i butikkane finn du vårens friske trendfargar som oransje, gult, kvitt og blått. Miks gjerne fargar og trykk, eller vel et statementtilbehør som ei veske eller sko i kontrastfarge.

Er du ein av dei mange som har brukt koronatida til å utforske nye turområde? Ønsker du å friske opp turutstyret med joggesko, tursko eller treningsklede finn du alt du treng hos Sport Outlet, Sport Norge og Yrkesklær, jobb og Fritid.

No kan omsider nokre av borna vende tilbake til skule og vener igjen. Kanskje har du born som har vakse frå alle kleda sine dei siste månadene? Eller som berre har lyst på eit nytt vårantrekk til «ny» skule- eller barnehagestart? I senteret finn du både joggesko og lettare vårklede til borna.

Er du lei av koronasveisen? Frå og med mandag 27. april er alle frisørsalongar opne igjen.

Knarvik senter er fylt med vårleg inspirasjon og dei tilsette er klare til å ta imot kundar til ein trygg og inspirerande handel.

 Vi følgjer helsemyndigheitene sine retningsliner, og tar smittevern og tryggleiken til både kundar og tilsette på alvor. Ekstra ressursar er satt inn på reingjering av senteret, spesielt på berøringsflater.
Vi ber om at alle følgjer dei reglane som gjeld slik at butikkane våre kan ta i mot til TRYGG HANDEL.
Hold avstand til andre, betal gjerne kontaktlaust (tæpping), unngå å ta på varer du ikkje skal kjøpe.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foto: Gøril Sætre og Knarvik Senter
Hårstyling: Julie v/Vice Capo
Tekst: Anne Hvidsten