Knallstart for Stolpejakta

Trond Andal i KnarvikMila fortel om ein knallstart på årets Stolpejakt.

— Stolpejakten 2020 er allereie ein kjempesuksess. Sidan oppstarten 4. april har over 7400 deltakarar registrert 137 000 (!) stolpebesøk, fortel Andal. Turgjengarane i Alver er med dette blant dei ivrigaste i landet.

Stolpejakt Kvistfjellet Foto: Anne Merete Solbakken

Andal trur koronasituasjonen kan ha påverka tala litt, men at mange hugsar Stolpejakten som ein positiv oppleving frå i fjor, og at oppstarten kom på best mogleg tidspunkt.

— Folk var klare for å komme seg ut på tur etter nedstenginga. Dette, blanda med fint påskevær i starten, samt konkurranseaspektet ved Stolpejakten, har gjort at tala i Alver er vanvittig høge, seier Andal. Han gler seg til å følgje utviklinga gjennom sommaren, men trur mange kjem til å feriere i nærområda, og at Stolpe-jakten er ein enorm moglegheit for å kome seg masse ut på tur.

Totalt er det plassert ut 65 stolpar i mange av dei vakre turområda i Alver kommune. Stolpejakten er eit lågterskeltilbod til alle som ønskjer å koma seg ut på tur. Jakt stolpar – sank poeng og vinn flotte premiar! Last ned appen for å registrere turar på stolpejakten.no. Jakta varer fram til 1. november.

Stolpejakten er eit samarbeid mellom Knarvik Senter, KnarvikMila og Alver kommune.