Smil, service og sommar

I fleire år har butikksjef Mariann T. Einestrand og teamet hennar på Lindex hatt fokus på å møte alle som kjem inn i butikken med eit smil. Då Noreg stengde ned 12. mars i år var det brått ikkje så mange å smile til, men likevel klarte dei å halde motet oppe. No ser dei lyst på sommaren.

Lindex er ein av få butikkar i Knarvik Senter som har halde ope gjennom heile koronakrisa. Einestrand fortel at det har vore krevjande, men at ho heile tida klarte å vere positiv.

— Dei første vekene var heilt forferdelege, det var lange dagar med få kundar. Senteret var som eit spøkelsessenter, fortel ho. Som mange andre måtte ho permittere ein del av dei tilsette, men var sjølv på jobb heile perioden. Etter kvart byrja kundane å kome tilbake.

— Vi hadde kundar som kom inn og handla for store summar, som rett og slett handla for å støtte opp om butikken, fortel ho. Frå påske byrja ting å ta seg opp igjen, og sakte men sikkert har ting normalisert seg. Fleire av dei tilsette er no tilbake, motiverte og gira for å vere tilbake på jobb, og butikksjefen håper å ha alle tilbake før sommaren. Einestrand rosar også senterleiinga for å setje i gang gode smittervernstiltak. Ho seier at ho heile tida har følt det forsvarleg å halde ope, og at dei har tatt gode førehandsreglar for å unngå smittespreiing.

Butikksjef Mariann T. Einestrand på Lindex ser lyst på sommaren etter ein spesiell vår.

Tilbake til normalen

Einestrand gler seg til å vende tilbake til normal drift – med fokus på sals-mål, visuelle utstillingar, kampanjar og god kundeservice.

— Vi blir målt på alt, kvar veke, kvar månad — både frå Lindex sentralt og internt. Under korona har vi målt med tanke på å kunne halde ope eller ikkje, men no kan vi starte opp interne konkurransar med fine premier igjen, som til dømes lørdagsbingo, fortel ho. Sjølv synes ho det er gøy og engasjerande med sal, og ho er svært nøgd med at det langsiktige arbeidet butikken har gjort med sal og kundeservice har gitt gode resultat.

Smilande gjeng

Einestrand har vore butikksjef på Lindex i Knarvik i over ti år, og trur at litt av grunnen til at ho trivst så godt er det gode miljøet blant dei tilsette.

— Eg er så heldig med denne gjengen! Vi er eit stabilt og godt team på rundt ti damer i alle aldrar som har jobba her i mange år. Vi er veldig forskjellige, men kjenner og bryr oss om kvarandre og utfyller kvarandre på ein god måte, fortel Einestrand om teamet sitt. Ho trur også et det gode miljøet smittar over på kundane.

— Alle kundar skal føle seg spesiell og gå ut frå butikken med ein god kjensle. Dei som vil skal føle seg sett, og alle skal få eit smil.