Turist på eigen sti

Turist i eigen by, er det noko som heiter. I år treng eg ikkje reise over brua ein gong. Denne sumaren skal eg vere lokalromantikar og oppdagarturist på Stolpejakt.

Eg treng ikkje gå som sild i stim inne i ein eller annan storby; eg har parkeringsplassen på Flatøy, og om eg vel riktig tidspunkt kan eg gå i kø opp til Håøytoppen. Eg treng ikkje ete is frå ein italiensk isbar; eg har niste i sekken, kaffi i thermokoppen, ein bit av Norge som smeltar på tunga og storvegs utsikt frå toppen av Kvistefjellet. Eg treng ikkje gå på eit fancy kunstmuseum i Louvre; nei, eg har naturens kunst i lomma på veg opp til Skausnøya, og oppdagar stadig vakre stader i nærmiljøet som eg ikkje visste fantes. Eg treng ikkje bade på ei kritkvit strand på Maldivene; eg har den nyrenoverte stranda i Kvams-vågen. Eg treng ikkje shoppe på Oxford Street; eg har Knarvik Senter med alt eg treng, og der er det jammen meg ein stolpe og!

Nåla på toppen

Vi er mange i år. Fleire enn nokon gong. Det er tusenvis av sånne som meg. Som små maur flytter vi oss rundt i terrenget. På jakt etter nåla på kartet, eller QR-koden på stolpen – den som er like gøy å skanne kvar gong. Eg knyter lissene på fjellskoa, tar på meg dei velbrukte turkleda. Turbuksa har blautaskit langt oppover i hutaheiti. Ein skal ikkje vaske dei kvar dag, seier dei som har peiling. Og for ein ivrig stolpejeger rekk ikkje buksa å tørke eingong før eg er klar for neste tur. Nokre dagar er stien tørr som kjeksa i sekken. Fuglane kvitrar og sola målar himmelen raud. Det spirer og gror, nokre stader gror det igjen. Andre gongar er turen som sklitaklingar og gjørmebryting. Regnet piskar meg i auga og trenger gjennom «Alvers»-jakka. Då kan dørstokkmila vere lengre enn turen. Men stolpefangsten smakar endå betra i sommarregn. Eg kom meg ut. Det finst ikkje dårleg vær. Og telefonen ligg trygt i ein vasstett pose i lomma.

Krabbe eller fjellgeit

Eg kan få merker. Ein stund låg eg an til å bli krabbe. Men sesongen er lang. La meg få vere fjellgeit eller erobrar! «Bli sprek i lokalmiljøet», står det på appen. Eg følar meg sprekare allereie. Og ein tanke nasjonal-, eller enda betre: lokalromantisk. Sprett oppover fj ella. «Hugs å gå til høgre i stien. Ikkje ta på stolpen. Hald avstand». Eg følgjer reglene så godt eg kan, tursnufsar når ingen høyrer, seier hei til alle eg møter, og kjenner endorfi na bruse i kroppen. Ein stolpe til, berre ein stolpe til! Det blir ein ellevill jakt. Førstemann til å ta alle stolpane. Ein gong, to gongar. Kven klarar fl est turar? Tur til lunsj. Tur til kvelds. Tur med borna. Tur med venner. Aleinetur. Kjærasttur. Heime-kontortur Ferietur. I år blir det ingen utfluktar til fjerne strøk, men strøken utfart til nære stolpar! 2020 blir den sumaren eg jakta stolpar. Og veit du; eg storgler meg! For kven treng å gå over bekken etter vatn når vi har dei klaraste, vakraste, mest eventyrlege fjell og vatn rett i nærleiken.

TEKST AV ANNE MERETE SOLBAKKEN,TUR-IST OG STOLPEJEGER