Bestevennbutikken Buddy fyller 15 år

1. – 3. oktober er det jubileumsdagar hos Buddy, og det blir stor feiring med mange gode tilbod, konkurransar og overraskingar i butikken i Knarvik Senter.

I januar 2005 blei Buddy-kjeda danna med tanke på å vere ein sterk og synleg zoo-kjede som var best i faget.
I dag, 15 år seinare, består kjeda av 28 flotte butikkar spreidd utover heile landet.

– Å vere ein del av Buddy-kjeda gjev oss ein forutsigbar kvardag, stadig påfyll av fagkunnskap og moglegheita til å jobbe med vår største lidenskap – kjæledyr. Samt det å møte menneske kvar dag som deler denne interessa og lidenskapen med oss, fortel May Røkke, dagleg leiar i Buddy Knarvik.

Det beste til din beste venn

Som kunde kan ein melde seg inn i Buddy Club, og få mange gode prisar på ein rekke produkt, bonuskort på kattesand og utvalde hunde- og kattefôr. Som medlem får ein også rabatt på alt ein handlar.
Buddy skal også vere ein stad du få råd, tips og gode råd om dyr og dyrehald frå dedikerte og kompetente medarbeidarar.

– Vi jobbar hardt kvar dag med å vere den beste dyrebutikken i området når det kjem til service, tilgjengelegheit og produktkunnskap. Ingen dagar er like, og
vi gler oss til å kome på jobb kvar dag, fortel Røkke.

Jubileumsdagar

1. – 3. oktober er det jubileumsdagar i butikken, og kundane kan glede seg til stor feiring med mange gode tilbod i butikken, goodiebags og overraskingar.

– Når vi no feirar 15 år i Buddy-kjeda er det eit bevis på at samhold gir styrke.Vi gler oss til å dele desse dagane med kundane våre, og gje dei ein god opp- leving, gode tilbod og kule konkurransar med flotte premier.