Ullbyen på MARS

I år dreg vi ut i verdsrommet!
Vi utforskar nye solsystem, stjerner og planeter før vi landar på planeten Mars.
Kva ser vi på vår veg? Korleis ser det eigentleg ut på Mars? Treff vi nokre levande vesen?

I år ønskte vi oss ein heilt ny ullby på Mars, og berre fantasien set grenser for korleis den nye planeten skal befolkast. Vi har invitert skular i Nordhordland til å vere med på å skape framtidas bustad på Mars.
Ullbyen er ein årleg tradisjon og opninga av ullbyen markerer starten på Ullveka. Engasjerte elevar og lærarar i heile Nordhordland går saman om å skapa ein ny ullby kvart år. I godt samarbeid gir Knarvik Senter, Hillesvåg Ullvarefabrikk  og elevane gjennom dette ei unik oppleving for alle besøkande.

Ull er morgondagens ressurs. Ullveka ønskjer å setje søkjelys på at barn og unge skal få betre kjennskap til norsk ull. Dette er eit kreativt fellesprosjekt med ull som råvare, og vi håpar på varm respons frå heile Nordhordland.

Ulla til prosjektet er ei gåve til skulane frå Hillesvåg Ullvarefabrikk og Knarvik Senter.

Utstillinga opna fredag 16. oktober på Sentrumstorget i Knarvik Senter, og vert ståande fram til lørdag 7. november.