Den styggaste stygge julegenseren!

Bli med på “stygg julegenserdag” i Knarvik Senter fredag 18. desember!

Du veit desse genserane: ofte laga i syntetiske (usympatiske) materiale, gjerne i raudt, grønt eller kvitt, og med minst eit juleinspirert motiv på seg – som til dømes eit reinsdyr, ein snømann eller eit glitrande juletre. Om ein toppar det heile med blinkande LED-lys, bjøller eller pompongs er julegenser-festen komplett.

Enkel juleglede
Dei seinare åra har skikken med stygge julegensarar gradvis blitt ein del av julefeiringa vår. Nokre strikkar sin eigen variant. Mange vel gjenbruk og hentar fram genseren frå i fjor, medan andre ønsker seg ein flunkande ny med humor og glitter på. Andre igjen vel søtare og meir diskrete utgåver av genseren, medan nokre utvidar og kler opp heile familien i julegenser om dagen og matehande julepysjar om kvelden.
Julegenser-trenden er moro for både store og små. Med ein gøyal genser kan ein spreie juleglede og latter på jobb eller i familiebesøk. Men kva er det som gjer at vi har lyst til å kle oss i desse stygge, artige, rare og glorete juleplagga?

Ugly from over there
Skikken med stygge julegensarar, eller «Ugly Christmas sweathers», kjem frå USA. På 1980-tallet kom den første popularitetsbølgja som ein del av juletidas aukande kommersialisering. På 90-tallet forsvann genseren frå «motebiletet» men vakna til liv igjen etter at Colin Firth sin rollefigur «Darcy» dukka opp med reinsdyrgenser i filmen «Bridget Jones dagbok» (2001). Utover 2000-tallet fekk humor-genseren eit nytt oppsving i USA, og i dei seinare åra har stygge julegensarar florert i sosiale media med store amerikanske stjerner i spissen. Slik har dei gjort julegenserane stuereine og til ein del av motebiletet.

Harmlaus julemoro
Også i Noreg florerer det av desse artige genserane i sosiale media og i ulike sosiale samankomstar i juletider. På linje med julegåver, advents­kalendrar, gåveinnpakning og andre juletradisjonar er det mykje som tyder på at denne skikken er komen for å bli. For det er jo i grunn ganske harmlaust og moro med desse genserane. Juletida kan vere ganske stressande for mange, så då er det godt med noko som berre er gøy!

Fotoveggen vår finn du mellom Lindex og Life.

Julegenserkåring
I år kan du bli med på Knarvik Senter sin Julegenserdag fredag 18. desember. Dei tilsette tek på seg sine genserar og vi oppfordrar kundar som besøker senteret til å kle seg i sin julegenser. Det blir kåring av den styggaste stygge julegenseren og trekning av gavekort på 1000,- blant alle som deltek.

Sjå Facebooksida vår for meir informasjon om korleis du kan delta: https://bit.ly/3monZHo