Fjorårets julehandel har vore fantastisk med ein auke i omsetning på heile 14,8 % i desember.
– Tala viser at folk vel å handle lokalt, og vi vil takke alle våre kundar for ein god julehandel, seier senterleiar Åge Torsvik.
Omsetningstala for 2020 totalt sett viser ein auke på 6,4%, og er dei beste tala Knarvik Senter har hatt på fleire år. Mange butikkar har hatt eit svært godt år, men det er store forskjellar frå bransje til bransje.
– Klede og sko har hatt ein nedgang, ein trend vi også ser på landsbasis. Vi håpar dette vil betre seg i løpet av året og er optimistiske for 2021, seier Torsvik.