Senterkontoret i nye lokale

Senterkontoret har flytta sjølve administrasjonen litt lengre inn i gangen. Adressa er framleis den same, men vi har no tre nye, flotte kontor med ein liten resepsjon. Vi ønsker våre kundar velkommen  innom om dei skal kjøpe gåvekort, treng informasjon eller hjelp til ulike saker.

Endring i behov for kontorplassar gjer at vi flyttar til andre sida av gangen. Vi er no tre personar i administrasjonen: senterleiar Åge Torsvik, kontormedarbeidar Bente Aa. Sørensen og vår nye marknadskoordinator Anne Merete Solbakken.

Solbakken har jobba som frilansar for Knarvik Senter i fleire år, og har blant anna vært prosjektleiar for Bryllaupsmessa og skribent for SenterAvisa.

– Eg har stor tru på at vi skal løfte marknadsføringa av senteret til nye høgder med Anne Merete på laget, seier senterleiar Åge Torsvik.