Eva Britt Vaktskjold på Rose Parfymeri har sin siste dag i Knarvik Senter lørdag 16. januar.
Dei siste 10 åra har ho drive Rose Parfymeri, og Vaktskjold fortel at ho har trivst svært godt i Knarvik Senter.
– Det har vore ei stor glede å vere her, eg har verkeleg kost meg. Eg kjem til å sakne alle dei kjekke kundane mine og det gode miljøet rundt butikken, men no er tida inne for å gjere noko anna, seier Vaktskjold.
Ho går no over i pensjonistanes rekkjer og ser fram til meir tid med barnebarn, litt lengre frukostar og moglegheita til å reise meir – så snart koronaen gir seg.
Ho vil også takke kundane som har stilt opp og handla varer i butikken den siste tida. Det er framleis litt varer igjen, og lørdag 16. januar er det aller siste sjanse til å handle varer hos Rose.
– Vi ønsker å takke Eva Britt for tida ho har vore her på senteret. Ho har alltid vore positiv, stilt opp og vore med på å spreie glede både internt og til kundane sine. No ønsker vi Eva lykke til vidare, seier senterleiar Åge Torsvik.