Forsterka smitteverntiltak

Søndag 7. februar klokka 18.00 innførte regjeringa nye koronatiltak for Bergen og nabokommunane til Bergen.
Regjeringa innførte to sett med reglar: Eitt for dei som bur i Bergen (ring 1) og eitt for Alver og dei andre nabokommunane (ring 2).
Tiltaka gjeld i første omgang frå 7. februar til og med søndag 14. februar.

Dette betyr mellom anna at kjøpesenter og varehus skal vere stengde, men desse butikkane har lov til å halde ope:

  • Matbutikkar, kioskar og helsekost
  • Apotek
  • Bensinstasjonar
  • Bandasjistar
  • Optikarar
  • Serveringsstader – kan halde ope, men har ikkje lov til å servere alkohol
  • Vinmonopol
  • Frisør, hudpleiesalongar og tatovørar
  • Fysioterapeutar, kiropraktorar, fotterapeutar og andre helsefaglege verksemder
  • Utsalsstader som sel dyrefor og salsverksemder til landbruk og dyreproduksjon
  • Lager- og grosisstdelen i byggjevareforretningar som sel til handverksverksemder og liknande

Sjå meir informasjon her:
https://www.alver.kommune.no/aktuelt/nyheiter/regjeringa-innforer-nye-koronatiltak-i-alver/

HER FINN DU OVERSIKT OVER KVA FOR VERKSEMDER SOM HAR OPE, KVEN SOM TILBYR KLIKK OG HENT, OG KVEN SOM HAR STENGT:
https://www.knarviksenter.no/2021/02/fleire-av-butikkane-vare-er-opne/