Opne butikkar frå måndag 22.februar

Regjeringa har vedteke at dei forsterka koronatiltaka for Bergensregionen skal avviklast frå måndag 22.februar.
Dette betyr at vi går attende til nasjonalt nivå, og at alle våre butikkar får lov å opne att måndag formiddag, til ordinær opningstid.

Hugs at nokre har ope allereie, og at mange har “klikk og hent”.

Vi held sjølvsagt fram med hyppig reingjering av kontaktflater, grense for tal av kundar i kvar butikk (sjå eigne plakatar), og ber om at ein nytter munnbind når det ikkje er mogeleg å halde avstand på 1 meter.

Takk for at du som kunde bruker handsprit og held avstand! – Og takk for at du handlar lokalt.

Velkomen til Trygg Handel i Knarvik Senter!