Bunnpris har opna

Torsdag 11. mars opna endeleg den nye Bunnpris-butikken og dagen blei markert med stor opningsfest. Snorklipping ved Stian Lavik, leiar i utval for næringsutvikling og bedrift.

Dei frammøtte fekk servert marsipankake og Bunnpris freista med supertilbod på blant anna kaffe.

– Det er godt å vere i gang, og veldig kjekt at så mange kom på opninga, seier Dag Halvor Evjen, kjøpmann i butikken.

– Eg håpar Bunnpris skal bli ein god nærbutikk der kundane får god personleg service.