Krafttak mot kreft – bli med på stafetten!

Knarvik Senter og Nordhordland Næringslag fortset samarbeidet med Kreftforeningen / Krafttak mot kreft, for å samle inn pengar til forsking på kreftformer som få overlever.

Innsamlinga startar allereie no, og vi utfordrar lokale bedrifter til å bli med på Bedriftsstafetten. Aksjonen varer ut april. 

Om du ønskjer å gje din støtte til aksjonen kan du gå inn her: https://innsamling.kreftforeningen.no/kmk2021/5-15813

Alvorleg tema

Årets innsamling set fokus på kreftformer som har hatt for høge dødstal, for lenge. Med Krafttak mot kreft 2021 ønskjer Kreftforeningen å endre denne alvorlege situasjonen.

Ulike kortsiktige og langsiktige tiltak kan bidra til at fleire overlever og gjer at dei som er ramma av kreftformer med lav overleving får eit betre liv.

Digital auksjon

Lørdag 27. mars gjennomførte vi ein digital auksjon der inntektene uavkorta gjekk til «Krafttak mot kreft». Auksjonsobjekta var flotte ting donert av butikkane på Knarvik Senter. 

Givarglede

Vi håper både firma og private ønskjer å bidra til denne gode saken, og at engasjementet i vårt distrikt blir stort.

Vår målsetning for Bedriftsstafetten er å samle inn 200 000 kroner i år, og Knarvik Senterforening startar stafetten med å gi 5000 kroner.

Stafettpinnen er sendt vidare og vi oppmodar alle til å gi så det monner!

PS! Du kan også gi ei gåve ved å bruke Vipps nr.: 451075 (KMK Knarvik senter)