Lokalt Miss Norway-håp

Elida Svellingen Svendsen (20) frå Knarvik er deltaker i årets Miss Norway-konkurranse. Knarvik Senter er stolt sponsor av Svendsen og ho vil i tida fram til konkurransen vere ambassadør for senteret.

Elida Svellingen Svendsen kjem frå Knarvik der ho bur saman med foreldra sine og tre hundar. Ho har gått på barne- og ungdomsskule i Knarvik og vidare på toppidrettslinja på Metis i Bergen. I fjor haust byrja ho på sjukepleierstudiet, men måtte gje seg då ho fekk kyssesjuka. Med studiar på vent hadde Elida tid til overs, og i januar i år blei ho tipsa av ei venninne om å melde seg på Miss Norway-konkurransen.

– Eg hadde jo ikkje noko å tape på det, så eg las litt om konseptet og melde meg på. Dagen etter fekk eg mail om at eg var med i konkurransen, fortel Elida. Ho vart både overraska og litt sjokkert over å bli tatt ut, men etter å ha delteke på eit kurs i regi av Miss Norway bestemte ho seg for å vere med vidare i tevlinga.

– Mange trur Miss Norway berre er ein skjønnheitskonkurranse, men målet er å finne eit godt forbilde som kan representere Norge på ein god måte i utlandet. Dette gjer ein blant anna gjennom å samle poeng som ein får ved å hjelpe andre, frivillig arbeid, blogging, pressehandtering og sponsorsamarbeid.

MODELLTRENING: Neste utveljing til Miss Norway-konkuransen er i mai, og sjølve finalen er i august. No førebur Elida seg til uttaket på ulike måtar. Ein av oppgåvene er å øve seg på å vere modell. Her avbilda under ein fotoshoot med den lokale fotografen Hans Christian Håkonsen.

Samarbeid med Knarvik Senter

Nyleg inngjekk Elida eit sponsorsamarbeid med Knarvik Senter, som blant anna inneber at ho vil vere ambassadør for senteret i tida fram mot finalen. Nokre av oppgåvene i samarbeidet er å delta på ulike arrangement i senteret, vere med i reklamefilmar og vere modell for SenterAvisa. Eit av dei aller første modelloppdraga hennar var å ta bilete til SenterAvisa som kjem ut onsdag 24. mars.

– Det er gøy å ta bilete og å få tilbakemelding frå fotografen når ein får til ein god posering, seier ho.

Elida fortel at det er litt utfordrande å vere deltakar i konkurransen fordi ho vanlegvis ikkje likar å vere den som skil seg ut.

– Eg er eigenleg litt sjenert, men det byrjar å kome seg. Ein vender seg til det meste, fortel ho.

IDRETT OG KONKURRANSE: Elida har vært aktiv i friidrettsmiljøet i Knarvik i mange år, og har blant anna konkurrert i hopp, lengde og tresteg.

Frå treningssko til høge hælar

Elida har vore aktiv i friidrettsmiljøet i Knarvik, og har konkurrert innan hopp, lengde og tresteg i fleire år. På grunn av ein skade la ho konkurranseskoa på hylla for eit par år sidan. No er skoa bytta ut med skyhøge hælar.

– I Miss Norway-finalen må ein gå med 12 cm høge hælar, og det er vanskelegare enn mange trur. Eg prøver å øve litt kvar dag, fortel ho.

Trenings- og konkurranseinstinktet er der, om det er idrett eller skjønnheitstevling ho konkurrerer i. No håpar Elida på å kome vidare til finalen, og kanskje vere den som går heilt til topps og får representere Norge i den internasjonale finalen.